Seksjonering og reseksjonering
Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Endring av allereie seksjonerte eigedomar kallast reseksjonering.
Søknad om seksjonering eller reseksjonering skjer ved å fylle ut skjema du finn nedafor.
Kva får du?
- Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt utearealet til ein eller fleire seksjonar.
- Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjoner og fordeling av sameigebrøk.
- Du får eit matrikkelbrev.
Ved fordeling av uteareal får du i tillegg
- eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen.
- koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
- sett ned offentlege grensemerker dersom dette er muleg og ønskeleg.
Kva kostar det?
- Gebyr for seksjonering finn du i gebyroversikta (PDF, 102 kB) under §4
- Seksjoneringvedtak skal tinglysast. Tinglysingsgebyret er kr 540,-.
- Ved fordeling av uteareal kommer oppmåling i tillegg.
Faktura blir sendt søkar i saken. Det er ikkje muleg å endre dette.
Søknadsskjema og rettleiing for seksjonering
Nyttig rettleiar frå kommunal- og moderniseringsdepartementet:
veileder-til-eierseksjonlovens-offentligrettslige-regler- (PDF, 975 kB)
Lov om eierseksjoner:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2017-06-16-65?q=eierseksjonsloven
Søknadsskjema og rettleiing for reseksjonering