Bestille kart/situasjonskart og nabolisteVelkomen til Surnadal kommune sine sider for å bestille kart. Sist endret 17.02.2022 11.02 Her kan du bestille kart og eigedomsinformasjon frå Surnadal kommune. Etter forskrift om utlevering skal utlevering av nabolister kun skje til personar som har eit føremål i samsvar med matrikkellova § 30. Det er kravd følgjande: Den som bestiller ei naboliste må fortelle kommunen kva nabolista skal nyttast til. Nabolista blir kun sendt til tinglyst eigar eller firma med legitimert behov. Dersom kommunen kan verifisere at e-postadresse og tinglyst eigar er den same, vil nabolista bli sendt som e-post. I motsatt fall vil brev bli sendt til tinglyst eigar av eigedomen. Følgjande kart kan du bestille: Plott av grunnkart, ortofoto, oversiktskart eller reguleringskart med bestemmingar Digitale kartdata og digitale ortofoto Eigedomsmeklarpakkar med kart og naboliste Situasjonskart og naboliste Mange av våre kundar kjøper data anten til bruk for eigedomsomsetning eller for å sende inn ein byggjesøknad. Meklaropplysningar, situasjonskart og nabolister kan du bestille via INFOLAND