Kapittel 3: Aktørar og verkemiddel i kulturminneforvaltninga

Kopi av kavelveg på Eidet i Surnadal Lilli Husby  

    SENTRALE AKTØRAR I KULTURMINNEVERNER SOM GJELD SURNADAL

    Innan kulturminnevernet er det mange og ulike aktørar. Sentrale aktørar i kulturminnevernet for Surnadal kommune er lista opp under. Opplysingane i kapittelet er for ein stor del henta frå Regional delplan for kulturminne av nasjonal og regional verdi; Møre og Romsdal fylke.

    Kapittelinndeling

    1. Statleg mynde og ansvar
    2. Fylkeskommunen sitt mynde og ansvar
    3. Surnadal kommune sitt ansvar
    4. Musea sitt ansvar
    5. Dei frivillige organisasjonane
    6. Eigarar av kulturminne
    7. Verkemiddel
    8. Juridiske verkemiddel
    9. Økonomiske verkemiddel
    10. Rådgjeving

    STATLEG MYNDE OG ANSVAR

    Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning og fagleg rådgivar for Klima- og miljødepartementet i utviklinga av den statlege kulturminnepolitikken. Riksantikvaren har det nasjonale faglege ansvaret for kulturminnevernet. Surnadal kommune har mellom anna fått tilskot frå Riksantivaren til å bygge kopi av ein veg frå middelalderen som ligg i myra på Eidet (sjå bilde).

    FYLKESKOMMUNEN SITT MYNDE OG ANSVAR

    Fylkeskommunen i Møre og Romsdal har mynde i kulturminnevernet etter kulturminneloven og plan- og bygningsloven. Fylkeskommunen er både eit rådgivande organ og utøvande myndigheit i kulturminnevernspørsmål. Fylkeskommunen har dessutan eit ansvar for ei heilskapleg planlegging og utvikling på fylkesnivået. I den samanheng er koordinering med andre forvaltningsorgan på regionalt nivå viktig.

    SURNADAL KOMMUNE SITT ANSVAR

    Kommunen er ikkje pålagt oppgåver etter kulturminneloven ut over meldeplikta når det gjeld ev. tiltak på bygningar frå før 1850. Men i høve til plan- og bygningsloven er det kommunen si oppgåve å sjå til at det blir teke kulturminnevernomsyn i kommuneplanar, reguleringsplanar og i handsaming av byggesaker. I praksis kan kommunane ta på seg ein del oppgåver innan kulturminnevernet slik som utarbeiding av sektorplanar for kulturminne, skjøtselsoppgåver, ansvar i samband med gjennomføring av registreringar, formidlingsopplegg og initiering av istandsetjingstiltak. Kommunen har ansvar for forvalting av nyare tids kulturminne som ikkje er freda.

    MUSEA SITT ANSVAR

    Musea er viktige kompetanseinstitusjonar. Oppgåvene til musea er i første rekkje innsamling, bevaring, dokumentasjon og formidling.

    DEI FRIVILLIGE ORGANISASJONANE 

    Surnadal har mange aktive historielag. I tillegg er mange bygde- og grendelag aktive i kulturminnespørsmål. Eit aktivt, frivillig organisasjonsliv er avgjerande for brei forankring av kulturminnevernet. Organisasjonane tek mange viktige initiativ og gjer ein stor jobb med å dokumentere, informere om, inspirere til vern av, initiere og drive restaureringstiltak og forvalte kulturminne.

    EIGARAR AV KULTURMINNE

    Eigarar av kulturminne er den avgjerande faktoren om ein skal lukkast med vern av kulturminna. Ein del kulturminne er ressurskrevjande å ta vare på. I mange høve er det ikkje mangel på medvit om føremålet med kulturvern som er avgjerande, men tilgangen på ressursar for å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane. Det viktigaste for eigarane er å få avklaring av vernestatus, få kunnskap om korleis ein kan ta vare på kulturminne t.d. eit freda hus og kvar ein kan få tilskot til vedlikehald etc.

    VERKEMIDDEL

    Sentrale verkemiddel i kulturminnevernet er juridiske og økonomiske verkemiddel, og rådgjeving.

    JURIDISKE VERKEMIDDEL

    Kulturminne kan gjevast juridisk vern gjennom to lovverk. Lov om kulturminne og Plan- og bygningslova. Av disse er det Kulturminnelova som er særlova til vern om kulturhistorisk eller arkitektonisk verdfulle kulturminne og kulturmiljø.

    Kulturminnelova
    § 1 lyder slik:

    «Kulturminner og kulturmiljøer med deres egenart og variasjon skal vernes både som del av vår kulturarv og identitet og som ledd i en helhetlig miljø – og ressursforvaltning. Det er et nasjonalt ansvar å ivareta disse ressurser som vitenskapelig kildemateriale og som varig grunnlag for nålevende og fremtidige generasjoners opplevelse, selvforståelse, trivsel og virksomhet. Når det etter annen lov treffes vedtak som påvirker kulturminneressursene, skal det legges vekt på denne lovs formål».

    Kulturminnelova blir forvalta av Riksantikvaren på nasjonalt nivå og av fylkeskommunen. Lova sikrar vesentleg kulturminne eller kulturmiljø av nasjonal verdi. I § 3 heiter det «Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.»

    Lova baserer seg på to hovudtypar av freding:

    • Automatisk freding ved lov.

    Dette inneber at gitte typar kulturminne er freda direkte i lovteksten:

    «Alle kulturminne frå før reformasjonen (1537) er automatisk freda etter § 4 første ledd.

    Ståande byggverk frå perioden 1537-1649 kan med heimel i kulturminnelova § 4 tredje ledd vert automatisk freda ved fagleg datering (erklæring).

    Skipsfunn som er eldre enn 100 år frå skipet, utstyret eller lasta sitt produksjonsår, er automatisk verna etter §14.

    Samiske kulturminner frå 1917 eller eldre er automatisk freda, jf. § 4 andre ledd».

     

    • Freding ved vedtak:

    -Freding av bygningar og anlegg. Eit vedtaksfreda objekt (bygning, anlegg, bru, veg m.m.) er eit nyare etter-reformatorisk kulturminne som er freda ved vedtak med heimel i kulturminnelova § 15.

    «-Freding av område rundt freda objekt. For å bevare verknaden av eit freda objekt i miljøet eller for å beskytte vitskaplege interesser som knyter seg til kulturminnet kan ein frede eit område rundt dette, jf. § 19.

    -Freding av kulturmiljø. Heilskaplege kulturmiljø kan verta freda samla etter § 20.

    -Freding av båtar. Historiske båtar kan verta freda etter § 14 a.

    -Freding av byggverk og anlegg eigd av staten. Departementet kan vedta forskrift  om freding av bygningar og anlegg som er i deira eige, jf. § 22a.

    Mellombels freding kan bli vedteke som straksvedtak dersom eit kulturminne eller kulturmiljø er trua eller utsett for fare, eller dersom ein vil evaluera kulturminnet med tanke på permanent freding, jamfør § 22 nummer 4».

    Om ikkje anna er bestemt av vernestyresmaktene, gjeld fredinga sjølve kulturminnet og ei sone på 5 meter rundt kulturminnet jf. kulturminnelova § 6. A

    Plan- og bygningslova 
    Plan – og bygningslova er det viktigaste verkemiddelet kommunen har når det gjeld areal-disponering og byggesaksbehandling. Dei kulturminna som fell utanfor kulturminnelova, kan vernast gjennom bruk av plan – og bygningslova. Lova pålegg kommunane å driva oversiktsplanlegging gjennom utarbeiding av kommuneplan med arealdel. Med heimel i § 20 – 4, pkt. 4 i Plan- og bygningslova kan kommunen i arealdelen i kommuneplanen bandleggja spesielt verneverdige miljø og område. Vilkåret er at området innan fire år vert sikra vern gjennom vedteken reguleringsplan.

    Gjennom Plan – og bygningslova skal kommunen drive fysisk detaljplanlegging og behandla byggesaker. Lova gjev høve til å utarbeida reguleringsplanar med ulike reguleringsføremål. Under § 25.6 «Spesialområde» inngår mellom anna «områder med bygningar og anlegg som på grunn av historisk, antikvarisk eller annen kulturell verdi skal bevarast». Dette gjev kommunen høve til å regulera til spesialområde bevaring.

    Plan –og bygningslova gjev og føresegner om behandling av byggesaker. § 92,3 (verneregelen) pålegg kommunen å «se til at historisk, arkitektonisk eller annen kulturell verdi som knytter seg til en bygnings ytre, så vidt mulig blir bevart». Etter § 81 skal oppføring av nye driftsbygningar i landbruket og endring av eksisterande driftsbygning meldast til kommunen.

    § 79 handlar om uvanleg bygging, og gjev bygningsrådet heimel til å «forby bebyggelse som etter sin art eller størrelse avviker vesentlig fra det som er vanlig i strøket». Når det gjeld riving, skal kommunen etter § 95 samarbeida med regional kulturminneforvaltning og henta inn fråsegner frå desse. Som hovudregel kan ingen riva eit byggverk utan at det på førehand er henta inn løyve etter plan – og bygningslova.

    I Plan- og bygningslova av 2008, gjeldande frå juli 2009, er dei viktigaste verktøya omsynssonar (Pbl § 11-8) (tidlegare spesialområde bevaring). Omsynssonane kjem i tillegg til arealbruksformålet i planen, og kan krysse desse. Omsynssonane skal vidare synast på plankartet uavhengig av arealformålet. Desse fører med seg strengare reguleringsføresegner enn elles, til dømes strengare krav ved ombyggesøknad og byggesøknad, krav til materialbruk og vedlikehald, og det er og rom for å verne fast interiør. Generelt er krava mindre strenge enn ved freding.

    Omsynssonane er eit verkemiddel for å vise og verne dei viktigaste omsyna, og er ikkje tenkt å brukast for å markere alle registrerte kulturminne.

    Fylkeskommunen si rolle i høve til slike saker er å vere fagleg rådgivar. Fylkeskommunen har også mynde til å gå til motsegn til planforslag og klagerett i byggesaker.

    Rundskriv nr. T-3/00; forvaltning av kirke, kirkegård og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø

    Dette rundskrivet vart erstatta av ny forskrift og nytt rundskriv 1. januar i 2021. Meir informasjon finn de her.

    ØKONOMISKE VERKEMIDDEL

    Freding vil i seg sjølv gje avgrensa vern for det enkelte kulturminnet. Det aller viktigaste er at kulturminne og  området rundt vert vedlikehalde. Økonomiske verkemiddel kan bidra til å gjera det enklare og meir motiverande for eigaren å ta vare på kulturminnet.

    Det har vist seg at den beste måten å ta vare på verneverdige bygg, er å ta dei i bruk. Det er ofte til og med billegare å restaurere det gamle enn å byggje nytt. Verneverdige kulturminne i bruk formidlar kulturhistorie på heilt særeige vis, og kan danne grunnlag for styrka reiseliv og anna næringsverksemd.

    Det finst ulike statlege tilskot som eigarar av eit kulturminne, kan søke på, her er nokre døme::

    Freda kulturminne 
    Riksantikvaren sine tilskotsordningar går i all hovudsak til freda kulturminne. Søknadar vert handsama av fylkeskommunen gjennom ordninga Tilskot til freda bygningar og anlegg, hos Riksantikvaren

    Kulturminne verna etter plan og bygningslova 
    Kulturminnefondet er den store nasjonale ordninga for kulturminne som ikkje er freda. Det er løpande søknadsfrist.

    Norsk kulturarv
    Stiftinga Norsk kulturarv har fleire forskjellige ordningar ein kan søkje på, de finn meir informasjon her.

    Fylkeskommunale ordningar
    Fylkeskommunen har mange forskjellige ordningar, de finn meir informasjon om desse her.

    Andre ordningar 
    Eigarar av bygningar med historisk verdi har i høve eigedomsskatteloven § 7b høve til å søke fritak for eigedomsskatt. Stiftelsen UNI og Fortidsminneforeningen er mellom dei organisasjonane som har tilskotsordningar for bevaring av kulturminne og -miljø.

    Sametinget har og tilskotsordningar for å ta vare på samiske kulturminne. 

    RÅDGJEVING

    Kommunen har ein rettleiingsfunksjon ovanfor innbyggarane med omsyn til prosedyrer i kulturminnesaker.

    Fylkeskonservatoren har ein fagleg rådgivingsfunksjon ovanfor kommunane i saksbehandlinga deira og til tiltakshavarar som står framfor endringar eller istandsetting av bygningar. Fylkeskonservatoren må prioritere kulturminne og kulturmiljø som har ein verdi utover det lokale eller saker der dei i medhald av lov eller reguleringar har eit særleg ansvar, og kulturminne som er med i lokale kulturminneplanar.