Kapittel 4: Kulturhistorisk utvikling i Surnadal

    

Klikk for stort bilde 

     

 

Kapitelinndeling

  1. Eldre steinalder (9000 - 3200 f.Kr.)
  2. Yngre steinalder (3200 - 1800 f.Kr.)
  3. Bronsealder (1800-500 f.Kr.)
  4. Jarnalder (500 f.Kr.-1000 e.Kr.)
  5. Mellomalder(1050-1537 e.Kr.)
  6. Nyare tid(1537-1945)
  7. Samtid (1945-dd)
  8. Status per 2020
  9. Konklusjon

ELDRE STEINALDER (9000-3200 f.Kr.)

For om lag 11 000-12 000 år sidan trakk isen seg attende og Møre og Romsdal vart isfritt. Rein og andre byttedyr vandra inn i dei no isfrie områda og menneska fylgde raskt etter. Spora etter denne tidlege menneskeaktiviteten finn ein i stor grad langs kysten, og dei tidlegaste funna av denne busettinga vart gjort ved Voldvatnet i Kristiansund i 1909. Kulturen vart kalla Fosnakulturen etter det eldste namnet på Kristiansund.

Ein har etter kvart funne ein rekkje buplassar og aktivitetsområde frå fosnakulturen på Nordmøre, både på kysten og i innlandet, og seinare tids forsking har vist at dei sannsynlegvis dreiv jakt og sanking langt oppe i fjellheimen.

Dei typiske funna frå fosnakulturen er tilhogde flintreiskap og store mengder avslag etter reiskapstilverking. Prosjektil, skive- og kjerneøkser og små flint reiskap, mikrolittar, er karakteristiske frå denne perioden.

Buplassane frå eldre steinalder i vårt område finn ein gjerne omlag 130 meter over havet. Under istida vart landet pressa ned av ismassane, og då isen smelta heva landet seg att, difor er dei eldste buplassane dei som ligg høgst i terrenget.

I Riksantikvaren si offisielle database over kulturminne og kulturmiljø, Askeladden, er det registrert ein lokalitet som er sikkert datert til eldre steinalder i Surnadal, det er Torvik - Lokalitet 1. Dette er eit busettings- og aktivitetsområde kor det er funne ei rekkje reiskap og avslag av både flint og bergkrystall. På universitetsmusea sin nettportal unimus.no er det registrert 24 gjenstandar frå eldre steinalder, fleire av desse er gjenstandsgrupper, og dei fleste er knytt til funna på Torvik - Lokalitet 1.

Lenger ute ved kysten var flint ein vanleg bergart å lage reiskap av. Flinten var komen til strendene i slutten av siste istid, festa under isen. I indre strøk hadde ein ikkje like god tilgang til denne ressursen, og etter kvart vart det dårlegare tilgang også på kysten, og ein byrja å utnytte flintkjernane betre. I tillegg nytta ein i større grad lokale bergartar som kvarts, diabas og grønstein. Spreiinga av bergartsøkser i denne perioden fortel mykje om kontakt og handelsnettverk over lengre avstandar. Flint i indre strøk er anten henta eller handla med frå kysten. I yngre steinalder er det meste handel og bytte frå Danmark.

I Todalen vart det i samband med graving på kyrkjegarden funne eit kileforma stykke diabas, mulegvis eit økseemne. Diabas er ein vulkansk bergart, som er størkna i jordskorpa i opprettståande gangar. På grunn av at den er finkorna og hard er den godt egna til å lage reiskap av. Dette emnet er det første kjente funn frå steinalder i Todalen.

YNGRE STEINALDER (3200-1800 f.Kr.)

På Nordmøre finst det ei mengd fine og dels sjeldsynte veideristningar frå yngre steinalder. Motivkretsen til desse ristningane er vid og omfattar blant anna hjortedyr, kval, sel, fisk, fugl, menneske og geometriske mønster.

Klikk for stort bilde Ill.foto    

I Surnadal vart det i 1997 funne ei stor, laus, steinblokk med ristningar på Syltøran. Steinblokka måler omkring 1,85 x 0,85 meter, og på to av flatene finn ein fire til fem distinkte, prikkhogne, figurar. Blant desse figurane er det ein lett gjenkjenneleg menneskefigur som har vorte omtala som ”Surnadalsmannen”. Steinblokka er no plassert på Åsen bygdemuseum.

Etter ein periode med mindre bruk av flint byrja ein i yngre steinalder å importere det frå Danmark i form av heil- og halvfabrikata. Samstundes vart meir lokale råstoff nytta, særleg vanleg var det med reiskap av skifer. Langs heile vestlandskysten vart skifer nytta til pilspissar og spydspissar, og frå Stadt og nordover var det vanleg med knivar av skifer.

Reiskapsteknologien utvikla seg vidare i yngre steinalder og flateretusjering vart den dominerande tilverkingsmetoden. Flateretusjering vil seie at ein etter å ha grovt hugga til og formslipa eit verktyemne, slo av fine små avslag i yta for å få jamne og kvasse egger.

Offerfunn i form av økser vart lagt ned ved særmerkte steinar og berg, og dette går att gjennom heile steinalderen. Mot slutten av yngre steinalder aukar offerskikken sterkt, men då var vatn og myr dei vanlegaste offerstadane. Mange økser vart framleis ofra, men dei nye flateretusjerte flintblada dominerte.

Etterkvart førte overgangen til jordbrukskulturen til at busettinga auka. Dalar og fjell vart i større grad nytta til både fangst, fedrift og ferdsel, og ein fekk meir kontakt utover mot kysten, både over sentrale fjellovergangar og ikkje minst langs kystleia.

I Trollheimen fins det ei rekkje bogestillingar, leiegjerder og dyregraver, og sjølv om dette er kulturminne som er vanskelege å datere i og med at teknologien og utforminga endra seg lite gjennom tidene, må ein rekne med at fleire av dei er i frå denne perioden.

I Askeladden finn ein ingen kulturminne i Surnadal som er sikkert datert til yngre steinalder og på unimus.no er det registrert berre åtte einskildgjenstandar frå perioden. Mellom desse er ein om lag 22 cm lang retusjert flintdolk funne på Skeismoen.

Til saman er det registrert seks lokalitetar frå steinalderen i Askeladden og på unimus.no er det lagt til 35 funn. Mellom desse funna finn ein både einskildgjenstandar og gjenstandssamlingar. Det dreier seg for det meste om grovt tilhogne reiskap og avslag av flint og bergkrystall frå eldre steinalder, men ein finn og ein del bergartsøkser, skiferprosjektil og flateretusjerte flintreiskap frå den yngre perioden. Ut i frå desse funna kan det tyde på at det har vore tilløp til tidleg jordbruk fleire stader i kommunen. Døme på funn frå perioden er den flotte båtøksa frå Solem, og den godt bevarte flintøksa frå Trøinn i Stangvik. Indirkete kan dette tyde på tilløp til jordbruk allerede i mellomneolitikum (3300-2300 f.Kr).

BRONSEALDER (1800-500 f.Kr.)

Namnet på perioden viser til ei teknisk nyvinning med framstilling og bruk av bronse. Til tross for namnet er talet på funn av bronsegjenstandar relativt lågt i landet vårt, og stein, bein og tre fortsatte å vere dei viktigaste bruksmateriala. I Møre og Romsdal er det kjent omkring 35 bronsefunn frå denne perioden, men ingen av desse er funne i Surnadal. Det næraste er ein meisel funne på Drøpping, kun kort avstand frå Svinvika og Nordvik slik kommunikasjonslinjene var på den tida, over fjorden.

Dei bufaste menneska vidareutvikla husbygging og jordbruksdrift i løpet av bronsealderen. Spor etter ardpløgde åkrar og langhus er vanlege funn frå denne perioden. Dyrkingsspor frå bronsealderen har ein i Surnadal funne ved Kvanne, og ein har to registrerte busettings- og aktivitetsområde som er sikkert datert til bronsealderen, eit på Nordvik og eit på Skeismoen.

Området på Skeismoen vart undersøkt sommaren 2005. Det vart då avdekt 143 strukturar, mellom anna stolpehol, eldstader, kokegroper og innhegningar. Det vart påvist eit sikkert hus og eit muleg hus, inne i huset vart det avdekt ein konstruksjon tolka som ein sitjeplass, og på utsida ein konstruksjon tolka som ei innhegning for husdyr.

Klikk for stort bilde J. Strand  Gravskikken i perioden sette tydelege spor etter seg i landskapet med store gravrøyser på framskotne bergryggar og nes langs kystleia. Berre nokre få av dei kan vise til daterte funn, men tradisjonelt blir desse "kystrøysene" tidfesta til bronsealderen. Det er og denne typen kulturminne ein har registrert flest av her i kommunen. Av dei 18 lokalitetane frå bronsealderen som er registrert i Askeladden er 13 gravminne, 7 av desse er funne i området rundt Båtvikneset og Surnadalsneset.

Det er ikkje registrer bronsealdergjenstandar frå Surnadal, men fleire gjenstandar som er registrerte med datering slutten av yngre steinalder kan like gjerne vere frå starten av bronsealderen, slik som den hjerteforma pilspissen frå Heggem i Bøfjorden.  (Foto: Frå Kjergroneset, Janne Carina Strand).

JARNALDER (500 f.Kr.-1000 e.Kr.)

Som namnet indikerar var framstilling og bruk av jarn det nye og viktige i denne perioden. Dette materialet fekk etter kvart ei mykje større nytte, og eit langt større omfang, enn bronsen hadde hatt i førre tidsalder.

Utvinning av jarn har ikkje vore ei stor verksemd i vårt fylke, men dei seinare åra er det funne einskilde jarnvinneanlegg og det har vorte rapportert inn fleire opplysningar om slaggfunn. Også her i Surnadal har det vorte oppdaga spor etter jarnvinneanlegg, ved Gråsjøen i Folldalen, datert til omlag år 700 e.Kr. Dette er det einaste sikre førekomsten av denne typen jarnvinneanlegg (tappeslagg) i fylket.

Dei fyrste hundreåra av denne perioden er relativt fattig på funn. Skikken med rikt gravutstyr var enno ikkje vorte vanleg, og sidan jarn lett forvitrar og forsvinn har mykje av gjenstandsmaterialet frå denne tida gått tapt.

I Askeladden er det registrert ein lokalitet i Surnadal som er sikkert datert til eldre jernalder (500 f.Kr. - 550 e.Kr.), det er eit gravfunn med skjellettrestar etter to menneske funne ved Tromyrvegen i Stangvik. På unimus.no er det lagt til to gjenstandar frå eldre jarnalder. Det er ei trekanta kvartsblokk med eit rundt, glattpolert tapphol i midta. Truleg er blokka ein underliggar til ein grindstolpe eller liknande. Det andre er ein beltestein/eldsslagingsstein med funnstad Dalseggen. I tillegg til dette er det gjort datering av stolpehol frå Husby i Todalen, som plasserer dette i før-romersk jarnalder (500 f.Kr - 0), og ei kokegrop funne ved Hala, også i Todalen, er datert til Folkevandringstid (400 - 570 e.Kr).

Først omlag 200 e.Kr. får vi ein markert auke i funnmaterialet frå jarnalderen. Befolkningsvekst med etablering av fleire nye gardar er ein av årsakene til dette, men endringar i gravskikken har nok også hatt stor innverknad. Gravene vart no gjerne rikt utstyrt med ulike gjenstandar. Kvinner vart gravlagde med smykker, kar, gryter og reiskap knytt til kvinnelivet, og menn fekk med seg sverd, spyd, økser og andre typar våpen og reiskap.

Det er registrert seks lokalitetar frå Surnadal i Askeladden som er sikkert datert til yngre jernalder (550 e.Kr. - 1050 e.Kr.), desse er anten gravminne eller funnstader. På unimus.no er det lagt til 31 funn frå denne perioden, ein del av desse er einskildgjenstandar, men fleire er gjenstandssamlingar eller fragmenterte gjenstandar.

Jarnalderfolket hadde tydelegvis vide handels- og kontaktnettverk, og spesielt i vikingtida var kontakt med omverda viktig. Dette kan ein sjå ved at gravgodset frå denne perioden gjerne inneheld importgjenstandar.

Gravskikken endrar seg og i denne perioden og ein får fleire store gravhaugar, med tverrmål på opp til 35-40 meter, og i tillegg får ein dei karakteristiske båtgravene.

Klikk for stort bildeUtgraving ved Mo kyrkje B. Ringstad På Mo i Surnadal kommune vart det i 1995 funne ei båtgrav frå vikingtid, som året etter vart utgrava. Dette var ei mannsgrav frå første halvdel av 900-talet, og sjølve grava som låg i båten sitt midtparti inneheldt våpen, reiskap og kvardags-gjenstandar. Mellom anna vart det funne ei gryte, ein kniv, eit  knivblad, eit spyd, eit økseblad eller hammar og eit sverd.

Sverdet var mønstersmidd med innlagt dekor av sølv eller koppar på knapp og hjalt. Avtrykk etter tekstil og fjør på det rusta sverdet vitnar om klede, tepper og puter i graven, men organisk materiale etterlet seg dessverre få spor. Arkeolog Ragnar Orten Lie har skrive om båtgrava i ein artikkel på Digitalt museum. Det vart i 2020 laga ein kopi av sverdet, av Nidarosdomens Restaureringsverksteder på oppdrag av Surnadal Rotaryklubb.

Eit anna interessant gjenstandfunn frå vikingtid som vart gjort i Surnadal kommune er  beinholken frå Årnes. Beinholken vart funne i 1961 i Årneshola som ligg i lia ovanfor Kjergroneset, omlag 150 meter over havet. Vegen opp til hola går gjennom ei bratt steinur, og sjølve inngangen til hola er skjult bak steinhellene. Det er i dag merka sti opp til hola.

Holken er 5,9 cm lang med eit ovalt tverrsnitt og største diameter er 4,4 cm. Nær begge endar er det fleire små hol til feste av holken. Langs den eine smalside er det laga ein 3 mm brei fure som er fylt med et mørkebrunt stoff, og nær kvar ende av furen sitt ein brei nagl. Overflata er pryda med eit bildefelt av dyreornamentikk i relieff. Utskjeringane er utført slik at den kan identifiserast som Mammenstil, som viser til gravfunn frå vikingetida ved byen Mammen i Danmark. Ut i frå dette blir holken datert til siste halvdel av 900-talet.

Det er til saman registrert 29 jarnalder-lokalitetar frå Surnadal i Askeladden. Over tjue av desse er gravminne og fleire av dei overlappar med stader registrert som lokalitetar frå bronsealderen. På unimus.no er det lagt inn 32 jarnaldergjenstandar, eller gjenstandssamlingar, frå vår kommune. Det dreier seg i hovudsak om reiskap og våpen av jarn. Ein del av desse gjenstandane er fragmenterte og i særs dårleg fortfatning.

Den samiske historia på Nordmøre er foreløpig lite kartlagt. Vi veit det har vore sørsamisk reindrift i Trollheimen i lange tider, og det er dokumentasjon på reindrift kring fjellområda mellom Valsøyfjorden i Heim kommune og Bøverdalen i Surnadal kommune.

Under arkeologiske kartlegging av ein kraftlinjetrasè mellom Snillfjord og Sunndal, vart det i 2015 funne ei rund, delvis steinlagt tuft på om lag 4m i diameter ved vatnet Finnråa, som ligg i grensa mellom Rindal og Surnadal kommune. Midt i tufta vart det funne kolrestar i ildstaden (aernie-området). C14-testing av kolet gav dateringa 20–130 etter vår tidsrekning, og ei kontrolldatering av kolrestar frå kanten av tufta gav dateringa 170 før vår tidsrekning – 5 etter vår tidsrekning. Dette funnet er per 2019 det eldste funnet av rimeleg sikkert samisk opphav i heile det sørsamiske kulturområdet.

Ved Fagerlidalsvatna inni Trollheimen er det funn av fleire samiske kulturminner, som av ildsted, gammetuft på 4,5meter, fleire beingjemmer (offerplass/stad der ein deponerte bein), samt oppbevaringsstad av never og ved. 

 

Klikk for stort bilde 

Klikk for stort bilde   

 

Klikk for stort bilde 

MELLOMALDER (1050-1537 e.Kr.)

Då kristendommen vart innført, frå omlag år 950 – 1000 e.Kr., opphøyrde dei gamle gravskikkane og det arkeologiske materialet endrar karakter. Det vart no nytta felles gravplassar og gravene inneheld ikkje lengre rike gravgåver.

Dei eldste kristne kyrkjene i Noreg vart truleg bygd på 1000-talet, og utover i mellomalderen vart det oppført ein rekkje kyrkjer her til lands. Det er diverre ikkje bevart mellomalderkyrkjer i vår kommune, men eldre kjelder fortel om Skede kircke. Gamle Skei-kyrkja var frå rundt år 1100, og stod mulegvis litt aust for det noverande kommunesenteret på Skei. To treskulpturar frå denne kyrkja er bevart og finst på Vitenskapsmuseet i Trondheim, den eine av desse er denne Madonnaen med det såkalte "gotiske smil", med Jesus på fanget. Den var høgst sannsynleg opprinneleg måla i klåre fargar, men dette vises ikkje lenger.

Klikk for stort bildeMadonna og jesusbarnet, med "gotisk smil", frå gamle Skei kirke,ca. 1250. NTNU Vitenskapsmuseet

 

Sjølv om vi ikkje har bevarte mellomalderkyrkjer her i kommunen er fire av kyrkjestadene registrerte som lokalitetar frå mellomalderen i Askeladden. Det dreier seg om Stangvik,  Øye, Ranes og Mo kyrkjestad. Utanom kyrkjestadene er det berre to andre mellomalderlokalitetar frå Surnadal som er lagt til i denne databasa. Det er Kavlvegen ved Fuggelleiken og funnstaden for sølvskatten frå Likstolledet.

 Kavlvegen ved Fuggelleiken vart funne under nybrotsarbeid. Den er 30-60 cm djup og over ein meter brei. Trestokkane, som er lagt i minst to lag, er karbondatert til 1290-1400 e.Kr. Like i nærleiken ligg lokaliteten Kavl-vegen ved Galtmettet, årringedatert til 1161.

Gamle vegar som på grunn av slitasje og bruk gjennom fleire hundre år har fått ein karakteristisk nedsunken form blir kalla holvegar. Når desse vegane gjekk over myr, eller fuktige parti, vart det lagt ned trekavlar som danna ei slags bru. Slike parti av vegen vert kalla kavlvegar og kan vere svært godt bevart sidan dei ofte har ligge dekt av oksygenfattig myrjord.

Under pløying på Utigarda på Kvennset  i Todalen vart det på 1930-talet funne fleire gjenstandar av sølv. Sølvsmykka vart funne rundt 20 meter frå der det tidlegare sto ei grind kalla Likstolledet, og like i nærleiken av ein bekk kalla Likstolbekken. Det vert fortalt at ei kvinne vart avretta på denne plassen for fleire hundre år sidan.

Klikk for stort bildeBilde er teke av arkeologar på Vitenskapsmuseet i TrondheimSølvskatten, som truleg er eit gravfunn, består av to ringsøljer, ei gotisk sølje og 17 små kvadratiske smykkeplater av forgylt sølv. Platene er om lag 1,5 x 1,5 cm. store og er dekorert med   ulike motiv. Ni er prega med ei heraldisk lilje, fem med ein bladrosett og tre med ein forhøgd kuppel omgjeven av ein bladkrans. Platene kan ha vore sydd fast på eit belte.  

Den gotiske sølja er av forgylt sølv og har eit tverrmål på 7,2 cm. I sølja sitt midtpunkt, på fire av bogane, samt på ringen, fins koniske stolper med gravert rosett. Til saman har der vore 15 slike stolper, men den eine har vorte avbroten. På bogane og rundt stolpene finst restar av gotisk lauvverk, men mykje av dette manglar. Sølja har to lause tornar.

På unimus.no er det registrert berre sju einskildgjenstandar frå mellomalderen frå vår kommune, men nokre av dei udaterte gjenstandane kan mulegvis vere frå denne perioden.

I mellomalderen vart Noreg samla til eit rike og fekk ein fastare styreform. Stat og kyrkje konsoliderte si makt og det vaks fram eit samfunn der ein hadde meir behov for kontroll og dokumentasjon, særleg i forhold til skattelegging. Dette fører til at ein etter kvart også får skriftlege kjelder som gjev informasjon om tilhøva i Surnadal.

Dei eldste skriftlege kjeldene som omtalar Surnadal finst i sagalitteraturen. Surnadal blir nemnd både i Landnåmabok frå 1100-talet og Olav den Heilage sin saga frå omkring 1230-talet. I tillegg spelar Surnadal ei  viktig rolle i Soga om Gisle Sursson frå 1200-talet.

Utover frå 1200-talet blir gardar og stader frå Surnadalsområdet omtala i brev og dokument samla i Diplomatarium Norvegium, som er ei viktig kjelde for mellomalderhistorie i Noreg. Det er kjend rundt 20 diplom, som desse dokumenta blir kalla, med klar tilknyting til gardar som ligg i dagens Surnadal kommune. Dei fleste er nedskrivne i Nidaros, men fleire er også underskrivne på lokale stader som Honnstad, Sylte, Husby og Stangvik.

Eit av dei eldste diploma som omtalar stader i Surnadal vedkjem garden Fiske og vart nedskrive i Nidaros i 1255. Dette diplomet fortel at Knut Haakonsen Jarl gir Korsbrørne i Nidaros til årtidehold for sin moder 1 markebol i garden «Fiskini» i Surnadal. Slik sørgde Knut for at Korsbrørne heldt den årlege sjelemessa (årtidehold) på dødsdagen til mora. Eit anna diplom frå år 1303 fortel om den rike enkja Gyrid i «Okavik» som i  hadde 18 spanns leige i gardane «Talgylar», «Drivaseter» og «Gaupaseter».

I 1349 kom Svartedauden til Noreg og til vårt fylke, og ein lang periode med vekst kom til ein ende, med denne første av fleire pestbølger. Ein gjekk inn i ei tid med befolkningsnedgang, folketalet vart halvert og det førte til store endringar i samfunnet. Folketalet gjekk ikkje oppover igjen før på slutten av 1400-talet. Det skulle ta omlag 300 år før alle gardane som då blei lagt aude, vart rydda på nytt. Skriftlege kjelder som kan gje eit innblikk i gards- og busetjingsutviklinga på Nordmøre i hundreåra etter Svartedauden er mellom anna Aslaks Bolts jordebok frå 1432 og Olav Engebregtssons jordebok frå 1533.

NYARE TID (1537-1945)

Den delen av perioden vil kallar Nyare tid som omhandlar 1900-talet er ikkje uttømmande men vil bli arbeidd vidare med. Har du forslag til kultuminne frå 1900-talet som bør vere med i ? Gi oss ei tilbakemelding. 

Felt merket med * må fylles ut

Først mot slutten av 1700-talet var folketalet like høgt i fylket vårt som før Svartedauden. Frå midten av 1300-talet og fram til midten av 1500-talet flytta tyngdepunktet i busetnaden seg ut til kystområda, men på slutten av 1500-talet fekk fisket mindre å seie og folketalet tok seg opp att i fjordarmane.

Ein ny næringsveg som skulle få mykje å seie for utviklinga i vår region kom også til. Skogen kunne omsetjast med sagbruksverksemd og trelasthandel. Her hadde Møre og Romsdal mykje å tilby, og eksport av trelast medførte band til mellom anna Holland og England, denne tida blir gjerne omtala som Hollendertida. Trelasthandelen sette sitt preg også på vårt område, og med oppgangssaga skaut handelen fart. I Saghølen i Settemselva i Bøfjorden er det dokumentert i kart bruka av Hollandske lasteskip at det har vore ei oppgangssag i bruk på 1600-talet. På same plass finn vi idag Bøfjorden Sag.

Det er per i dag registrert femten freda bygningar frå nyare tid i vår kommune. Ni av desse er gardstun eller andre bustadeigedomar, dei seks andre er kyrkjestader. Dei registrerte bygningane ligg spreidd ut over heile kommunen. Torvik, Åsskard, Ranes, Åsen og to lokalitetar på Kvanne er anten vedtaksfreda eller automatisk freda på grunnlag av alder. I tillegg kjem Stangvik prestegard og Raulåna på Surnadalsøra som er vedtaksfreda.

Ei viktig utvikling i kommunikasjonen i Møre og Romsdal i denne perioden var bygginga av “Den Trondhjemske postvei” som gjekk mellom Bergen og Trondheim. Arbeidet med denne vegen vart påbyrja tidleg på 1780-talet og varte til 1804. Vegen hadde høg standard for si tid, og ein fekk no ein trasé med ridevegstandard som kunne nyttast til reiser tvers gjennom fylket. Frå Tingvoll var det båt over fjorden til Stangvik, som var eit betydeleg senter. Derifrå fortsatte ridevegen inn til Kvanne, langs elva Søya og over Eidet til Skei, og vidare opp gjennom Surnadalen og vidare til Rindal.

I 1856 kom dei første dampskipa i lokaltrafikk i Møre og Romsdal, og eit stort tiår seinare hadde dei teke over posttrafikken i fylket. Enkle kaier vart bygde også rundt i bygdene og langs fjordane. Dette var ei viktig utvikling for kommunikasjon og handel, vi finn dampskipskaier i  Surnadal på Surnadalsøra, Kvanne og Todalsøra, men det var også mindre kaier t.d på Nordvik.

“Lov om kirker og kirkegaarde” vart gjeldande frå 1851, og sette krav om at det måtte vere sitjeplass for ein tredel av soknet sine innbyggarar i kyrkja. I tiåra etter var det stor aktivitet med bygging av nye kyrkjebygg i fylket vårt for å oppfylle dette. I det som i dag er Surnadal kommune vart det i dei siste fire tiåra av 1800-talet oppført fem nye langkyrkjebygg. Todalen Kyrkje vart oppført i 1861, Ranes Kyrkje i 1868, Øye kyrkje i 1871, Åsskard Kyrkje i 1876 og Stangvik kyrkje i 1896.

Det hadde stått eldre kyrkjer på fleire av desse stadane frå før, og ein del av kyrkjestadane har røter heilt tilbake til stavkyrkjene i mellomalderen. Stangvik kyrkje, som skal ha vore bygd i 1407, er godt skildra av Gerhardt Schønning i 1777. Det var ei stavkyrkje av korsform, med høgt tårn. Innvendig hadde den målingar anslått å vere frå like etter reformasjonen i 1537.

Den einaste kyrkja vi har bevart her i kommunen frå før denne lova trådde i kraft er Mo Kyrkje frå 1728. Dette er ei svært eigenarta kyrkje og ei av berre fem Y-kyrkjer som er bevart her til lands. Denne kyrkja vart oppført av Erik Jakobsen Holten frå Bæverdalen og avløyste ei stavkyrkje som truleg var frå kring år 1500. Y-kyrkjeplanet var aldri ein vanleg byggjeform, og det vart berre oppført rundt ti av dei i heile landet. Alle i perioden frå midten av 1600-talet til midten av 1700-talet. Y-kyrkja var ein variant av korskyrkja, og enkelte meiner at forma symboliserer treeininga.

Noreg fekk eigen skulelov i 1739, og i 1827 kom ”Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet” som slo fast at kvart prestegjeld skulle ha ein fastskule i tillegg til omgangsskule. Då denne lova vart revidert i 1860 vart det krav om fastskule på dei stadene der det var fleir enn 30 elevar. Dette førte til at det i dei komande åra vart bygd ei rekkje små grendeskular. Øye fekk fastskule i 1862, Stangvik og Todalen litt seinare på 1860-talet, og Bøfjorden i 1871.

Som følgje av den store oppblomstringa i organisasjonslivet i denne tidsperioden vart det bygd ei rekkje forsamlingslokale og idrettsarenaer i kommunen frå slutten av 1800-talet og utover. Dette var mellom anna bedehus, forsamlingshus, ungdomshus, skyttarlagshus samt idrettsanlegg og hoppbakkar, desse er kulturminne av stor verdi for lokalmiljøa, som folk gjerne kjenner tilknyting til.

Utviklinga på 1800‐talet i Møre og Romsdal gjekk elles i store trekk som i resten av landet. Ein fekk bondeopposisjon, utvandring til Amerika, omlegging i jordbruket med store innmarks-utskiftingar, oppløysing av dei gamle tunskipnadane og overgang frå naturalhushald til pengehushald.

For Surnadal kommune er det i hovudsak landbruksbygningar, og bygningar knytt til utnytting av innmarks- og utmarksressursar ein finn registrert her. Særleg er våningshus og driftsbygningar knytt til sjølve tunet godt dokumenterte, men ein finn og ein heil del setre og løer i dette registret.

I løpet av første halvdel av 1900-talet gikk landbruket inn i ein generell mekaniserings og effektiviseringsprosess. Nokre av dei dominerande utviklingstrekka var ei gradvis nedbygging av seterdrifta og avvikling av husmannsvesenet, og ei går mot eit meir spesialisert landbruk, til fordel for tidlegare tiders meir allsidige bruk. På 1930-talet kom ein periode med ny aktivitet, oppdyrking og etablering av bureisingsbruk, som finn ein del av i kommunen vår. Det var muleg å få økonomisk støtte til nydyrking, dette var mellom anna eit tiltak for å motverke utvandring og utflytting.

Hundreårsskiftet var prega av fleire store omskiftingar i samfunnet og banebrytande nyvinningar innan teknologi. Desse omveltingane gjorde seg og gjeldande for utviklinga i Surnadal. Fleire industriverksemder vart etablerte i denne perioden, nokre vaks og vart til større bedrifter, men i likskap med resten av fylket var industrien her i kommunen dominert av småskala produksjon.

Langs kysten vaks gjerne den tidlegaste industrien fram frå dei gamle hovudnæringane fiskeri og trelasthandel. Særleg la foredling av fisk, og framstilling av båtar og utstyr til fiskeria, grunnlag for eit tidleg produksjonsmiljø mange plassar. Også her i indre strøk var vi prega av dette, gjerne innanan trelasthandel/sagbruk og tønneproduksjon/emballasje til fiskenæringa. Den andre typen industriutvikling i denne perioden var fråkopla primærnæringane, og dreidde seg om lokal produksjon av mellom anna møblar, bruksgjenstandar, klede, sko og liknande. I tillegg oppstår ei industrialisering av tradisjonell produksjons- og foredlingsverksemder som kverner, meieri, sagbruk, gruver og steinbrot.

Tabellen under presenterer nokre døme på fabrikkar og verksemder i Surnadal, som døme på det mangfaldige næringslivet i bygdene.

Fabrikkar i perioden

Fabrikkar
Namn Årstal Plassering Kommentar
Sagbruk på Follerø 1624 Surnadal
Heggset:, teglverk 1871 Surnadal
Talgø møbelfabrikk 1899 Todalen Storfossen i Todalen den første vasskraft-elektrisiteten på Nordmøre og truleg i fylket
Aasbøsmia 1904 Kvanne
Eidefabrikken Produserte sildetønner og fiskekasser på byrjinga av 1900-talet
Sjøflot kalkgruve 1916 Surnadal
Holten treindustri 1920- talet
Heggem gard, kvern Industrialisert i 1929
Bjøråa træbundskofabrikk 1931 Bæverfjord Til 1960
Trodalen skiferindustri Usikker Bæverfjord

 

Dei to viktigaste teknologiane for moderniseringa av næringslivet på Vestlandet i første halvdel av 1900-talet var eksplosjonsmotoren og elektrisiteten. Begge bar i seg langt større potensiale for rimeleg distribusjon av energi til mindre bedrifter enn dampkrafta tidligare hadde gjort. Denne utviklinga ser vi og i Surnadal, der fleire av dei tidlege småkraftverka var knytt til ei eller anna produksjonsverksemd.

I 1919 var Møre og Romsdal det fylket i landet som hadde flest kraftstasjonar. 185 anlegg gav straum til 800 elektromotorar og lys til 86.000 glødelamper. I Surnadal kommune hadde ein frå hundreårskifte og fram til 1940 rundt 40-50 ulike småkraftverk som var i drift i varierande lengde. Fleire av desse var gardkraftverk og kraftverk knytt til anna verksemd. Ei årsak til det høge talet på småkraftverk var at utbygginga av elektrisk kraft på indre Nordmøre var heilt privatisert i denne pionerfasen. Talgø Møbelfabrikk i Todalen var først ute med elektrisitet i vårt område i 1899/1900. Likevel fekk ikkje heimane rundt fabrikken innlagt elektrisitet før i 1938-1939. Dei aller fleste fekk tilbod om å legge inn straum først i perioden 1945-1962.

Småkraftverk i denne perioden 

Småkraftverk nyare tid
Namn Årstal Plassering Kommentar
Storfossen 1899 Todalen Truleg først i fylket
Aasgård Elverk 1904 Bæverfjord
Skjermo el-verk
Strand el-verk 1926 Surnadal
Vindøla elektrisitetsverk A/L 1913 Øvre Surnadal
Todalen elektrisitetsverk: Raudåa 1914 Todalen
Sande lysanlegg 1918 Øvre Surnadal
Bævre Kraft Bæverfjord 1920 - talet
Øye Kraftselskap Surnadal 1920 - talet
Kalset el-verk 1922 Bøfjorden
Honnstad el-verk 1923 Surnadal
Settem el-verk 1923 Bøfjorden
Grimsmo el-verk 1925 Surnadal
Moelven el-verk 1925
Rossåfoss kraftverk 1925 Todalen
Moen el-verk 1926 Øvre Surnadal Mo Kraftlag
Strand el-verk 1926 Surnadal
Prestelvens el-verk 1927 Stangvik Blir til Stangvik kraftverk i 1929
Vasseng og Sæter kraftlag 1927 Surnadal
Neverholten lysverk 1930 Bæverfjord
Bergesvik kraftverk 1935/36 Bæverfjord
Sande kraftverk 1937 Øvre Surnadal
Kårvatn kraftverk 1942 Todalen
Bele Kraftverk 1948 Bæverfjord
Skjermo el-verk

 

Utviklinga og utbygginga av kommunikasjonslinjer som telegraf og telefonlinjer, frå sentralar til fasttelefon til dagens mobiltelefonar og tilgang til internett har gått fort, og har hatt stor betydning for utviklinga av lokalsamfunna. Telefonsentralane hadde ein viktig funksjon tidleg på 1900-talet, og gjorde det til dømes raskare og enklare å skaffe legehjelp i distrikta. Etableringa av Mørelinjen i 1935 fekk stor betydning for folk si mulegheit til å forflytte seg i ei tid der privatbilen var forbehaldt dei få.

Innan skule og utdanning skjedde det endringar også på 1900-talet. Nordmøre Folkehøgskule vart opna i 1913, ein skule som fekk stor innverknad i lokalsamfunnet og som gav mulegheit for utdanning til mange som elles ikkje ville få høve til dette på denne tida. Skulen, som fortsatt er i drift, og kulturlivet som var knytt til den var medverkande til at bygda fekk mange dyktige skribentar mellom anna.

Ei av dei største hendingane i nyare tid i Surnadal som satte sitt preg på lokalsamfunnet var den dramatiske brannen på Surnadalsøra i 1938. Dette var sentrum i Surnadal før det vart etablert på Skei seinare. Store delar av bygningsmassen på Øra var borte, og det vart oppattbygd i ny stil.

Klikk for stort bildeSurnadalsøra 1938 Georg Sverdrup  

Ei viktig hending i perioden som ein ikkje kjem forbi er 2. verdskrig (1940-1945). Surnadal var i det store og heile skjerma frå dei store og dramatiske krigshandlingane, samanlikna med måten til dømes byane vart råka. Men også i vår kommune finst mange krigsminner som fortel om korleis vårt lokalsamfunn var lagt under kontroll av tyske styrkar. Døme på dette er godt bevarte bunkersar, den tyske militærleiren ved det som idag er Øye skuleområde, vraket av eit Mezzersmidtfly ved Damvatnet og Spitfireflyet ved Nordmarka. På fjellet Hjelmen kan ein fortsatt sjå restane av det som var ein "stille protest" mot tyske styrkar, og ei støtte til motstandsrørsla og dei allierte, der det er markert med steinar i terrenget med "Haakon VII".

SAMTID (1945-dd)

Samtida vår, frå 1945 og fram til i dag, er ein periode ein må sjå nærare på innafor planområdet i tida framover.

Den nye kvardagen etter krigen var prega av teknologisk utvikling og samfunnsbygging, med nye kommunikasjonsmåtar og transportvegar, ny industri, utvikling innan helse og omsorg, skule og utdanning. Dette er generelle utviklingstrekk som pregar landet relativt likt, og samfunnet har endra seg svært mykje i denne tidsperioden. Noko av det som er nytt i denne tidsperioden er deling av døgnet mellom arbeid og fritid, og det skjer etter kvart ei oppblomstring innan lag og foreiningar, sport og kulturliv for barn og vaksen. Antalet kvinner i arbeid utanfor heimen aukar, det blir bygd både barnehagar og fødestue i kommunen. Ein ny stor skule på Øye stod klar hausten 1958, og fleire grendeskular vart da lagt ned. Tidleg på 1970-talet var den nye aldersheimen på Skei klar, og institusjonen på Åsen vart lagt ned. Kommunesenteret flytta seg gradvis frå Surnadalsøra til Skei, da det var lite mulegheiter for utviding og vekst i den smale Øragata, og på 1980-talet tok Skei plassen som kommunesentrum.

Næringslivet utviklar seg, og kommunen har i vår tid fått fleire store bedrifter som pregar kommunen. Døme på dette er Pipelife som over 50 år har bygd seg opp som den største og leiande plastrørprodusenten i landet. Møbelindustrien har prega næringslivet i stor grad, med både Talgø, Kvande og Nordvik og fleire andre. Det er, og har vore, eit variert tilbod innam handel og service, alt i frå dei små nærbutikkane til kjøpesenterdrift. Samtidig er Surnadal fortsatt ei stolt landbrukskommune, med variert drift . I 2020 var til dømes var meir enn 40% av fylket sitt samla areal til kornproduksjon å finne her i Surnadal.

Byggeskikken endrar seg i perioden, og nye måtar å bygge på er tilpassa ny bruk. Dette gjeld både boligar, produksjonsbygningar, offentlege bygningar og næringsbygg. Eit døme er utbygginga av bustadfelt i Buhagen, som ein direkte konsekvens av skuleutbygginga på Øye. Samtidig forsvinn ein del av dei eldste bygningane som ikkje lenger er i bruk. Særleg utsett er ein del landbruksbygningar. Utfordringa i samtida vil vere å sikre eit representativt utval av bygningar, også frå vår nære fortid. Dette kan til dømes gjerast ved å sørgje for gjenbruk av bygningar når det er muleg, istaden for å rive og byggje nytt. God samfunns- og arealplanlegging er avgjerande for at omsyn til kulturminne og kulturmiljø blir ivareteke på eit overordna nivå.

 

STATUS PER 2020

Faste før-reformatoriske kulturminne

Faste fornminne er automatisk freda etter Lov om kulturminne. Dei aller fleste kjende og registrerte kulturminna av denne typen vil ein finne i databasa Askeladden. Det er i alt registrert 127 lokalitetar frå Surnadal kommune i denne databasa. Av desse er 63 lokalitetar automatisk freda, sju lokalitetar er vedtaksfreda (alle i kategorien busetnad-infrastruktur), fire lokalitetar er merka med freda - ulike vernetypar på enkelt minne (dette gjeld kyrkjer eller bygningsmasse i samband med kyrkjer og prestegardar), og ein lokalitet er definert som listeført kyrkje (Åsskard kyrkjestad). I tillegg har ein 49 einskildminne med uavklara fredingsstatus, to lokalitetar er definert som ikkje freda (rekna for å vera frå nyare tid) og ein lokalitet har status som fjerna (Skeismoen).

Mellom dei faste kulturminna i Askeladden finst ein god del som er, eller kan vere, frå nyare tid. Desse finst gjerne under vernekategoriane vedtaksfreda, uavklara og ikkje freda. Dei kulturminna frå nyare tid som er vedtaksfreda er hovudsaklig gardstun, dei som har vernestatusen uavklara er hovudsaklig funnstader og gravminne, og dei to lokalitetane som er merka som ikkje freda er eit utmarkskulturminne og Todalen kyrkjestad.

Myndet til å registrere førreformatoriske kulturminne ligg hos Møre og Romsdal fylkeskommune. Slike registreringar vert oftast gjort i tilknyting til planar om utbygging. I kommunal planlegging lyt ein då ta høgde for at det kan dukke opp kulturminne som vil få status som freda ved ei registrering, og at kart og oversyn som dei i denne planen fort verte utdaterte.

Lause før-reformatoriske kulturminne

Lause fornminne er, som dei faste førreformatoriske kulturminna, automatisk freda, men sidan dei er flyttbare knyt det seg andre føresetnader til vern av desse enn til dei faste minna.

Dei lause kulturminna frå før 1537  vert i hovudsak oppbevart hos NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim. På unimus.no er det registrert 116 gjenstandar frå Surnadal. Av desse ligg 114 hos Vitenskapsmuseet og to hos Kulturhistorisk museum i Oslo.

Sjølv om ansvaret for å oppbevare og bevara dei lause fornminna ligg utanfor kommunen er det i høg grad i kommunen si interesse at dette materialet kan koma fram i lyset ved utstillingar og andre høve. Dei faste fornminna syner ofte lite att i terrenget, og gjenstandane ein finn er i mange tilfelle den viktigaste historieforteljande delen av funna og difor av stor pedagogisk verdi. Utstillingar av lause fornminne vil auka merksemda om forhistoria og kan få positive verknader for vernet av dei faste minna.

I tillegg til dei gjenstandane som ligg hos musea må ein gå utifrå at det ligg ein rekke arkeologiske gjenstandar på gardane og i heimane rundt om i kommunen. Fleire nye gjenstandar vil og bli funne i åra som kjem, anten i samband med utbygging av bygningsmasse og infrastruktur, som følgje av vanleg jordbruksdrift, eller under meir ordna former som planlagde registreringar og utgravingar.

Funn av gjenstandar skal meldast til Fylkeskommunen eller Vitenskapsmuseet i Trondheim, anten direkte eller gjennom kulturavdelinga i kommunen. Å omgå denne plikta kan føra til at verdifull kunnskap går tapt og at fornminne kan bli øydelagde. Dei lause kulturminna som er på private hender bør kommunen oppmuntra til innlevering av, og ein bør gjera innbyggarane oppmerksam på rutinar rundt innlevering av nye funn.

Myndet til å leite etter og grave fram lause automatisk freda kulturminne ligg hos Møre og Romsdal fylkeskommune og Vitenskapsmuseet i Trondheim.

Faste nyare tids kulturminne

Det finst ikkje eit samla register eller oversyn over nyare tids kulturminne i Surnadal, og det er heller ikkje så enkelt at ein kan slå saman dei registreringane som alt er vorte gjort. Grunnlaget er i utgangspunktet sparsamt og til dels forelda. Sidan dei registreringane ein har vart gjennomført kan tilstanden på kulturminna ha endra seg, og like viktig: kriteria for verdi og vern har endra seg. Den viktigaste endringa i så måte er at alder som grunnlag for verdi og vern er tona ned, og at representativitet har vorte viktigare. Representativitet gjeld her til dømes sosiale lag, kjønn, etnisitet og næringsvegar.

Det bør difor gjerast ei særskilt vurdering av i kva grad eksisterande register er mangelfulle. Potensielt verneverdige objekt frå nyare tid, og nyare kulturminne som er rekna for å vere viktige i lokal eller regional målestokk, bør samlast i ein database. Møre og Romsdal fylkeskommune ynskjer nå at man skal nytte Kulturminnesøk for denne typen registrering. Ein del registreringar som er gjort i Kulturminneatlas og andre lokale registreringar bør difor førast over til denne databasa.

På dette grunnlaget bør det eventuelt setjast i gang målretta registrering/kontrollregistrering av utvalde typar kulturminne, eventuelt i utvalde geografiske område. Ein gjennomgang av den eldre bygningsmassen som ikkje er freda for å skilje ut verneverdige objekt, er ynskjeleg.

Surnadal kommune har gjennomgått SEFRAK- registreringane for delområde Ranes med grunnkretsane: Skei, Ranes, Surnadalsøra (mangelfull), Vasseng og Sæter, Eidet og Sørstranda (2012/2013). I tillegg til gjennomgangen av bygningsmassen har desse områda og vore prioritert i forhold til nye registreringar. Dette har gjeve kommunen ein generell oversikt over tilstanden til kulturminna i eit avgrensa område, noko som igjen kan brukast som ein indikasjon på tilstanden til kulturminna i kommunen som heilskap. 

Lause nyare tids kulturminne

Delar av dei lause kulturminna frå nyare tid har vorte samla inn til ulike  regionale og lokale samlingar, men den største bolken av dette materialet er på private hender, der det i stor grad høyrer heime.

Innan museumsvesenet har ein etter kvart kome til erkjenninga at det er ei grense for kva som kan vernast gjennom musea. Det meste av verneverdige gjenstandar frå nyare tid må takast hand om utanfor musea, og mykje vil i denne prosessen uvilkårleg gå tapt.

For å sikra at både eit generelt utval av dei daglegdagse og vanlege gjenstandane, i tillegg til dei spesielle objekta av høg verdi, vert teken vare på bør det gjerast ei særskilt vurdering av i kva grad eksisterande register og samlingar er mangelfulle. Som med faste kulturminne frå nyare tid vart mykje av gjenstandsmassen samla inn for fleire tiår til bake, og sidan dess har kriteria for verdi endra seg. Kategoriar som den gong vart rekna som for vanlege til å verte samla inn, kan i dag ha vortne sjeldne.

På dette grunnlaget bør det eventuelt setjast i gang målretta innsamlingar av utvalde typar kulturminne, eventuelt i utvalde geografiske område. I tillegg kan musea gå inn i saker der særleg verneverdige gjenstandar står i fare for å gå tapt.

Gamle bilete, dagbøker og andre dokument høyrer også til kategorien lause nyare tids kulturminne. I Surnadal kommune har mellom anna fleire av historielaga samla dokumentasjon frå sine områder, noko som er verdifullt for ettertida. Ei samla oversikt over kva som finst hos dei ulike aktørane kan kome fleire til nytte.

Kulturmiljø/omsynsoner

Kulturmiljø er område kor fleire kulturminne inngår som ein del av ein større heilskap. Sjølv om kvart einskild kulturminne er verdifullt i seg sjølv, kan relasjonen mellom dei ulike minna vera av større verdi enn dei ulike einskildminna kvar for seg. Difor har ein og mulegheit til å frede eit kulturmiljø ut i frå område sin totale kulturhistoriske verdi, utan at dei einskilde elementa i miljøet er fredingsverdige i seg sjølv. 

Det kan til dels vere vanskelig å skilje mellom når kulturminna skal reknast som fleire, einskilde, minne eller når dei skal definerast som delar av  eit kulturmiljø. Mangfaldet av kulturmiljø er og vidt og omfattande. Heilt frå enkle steinalder busetjingar til komplekse bydelar frå 1900-talet. Eksempel på kulturmiljø frå nyare tid er setergrender, gamle fellestun, trehusområde og fabrikkområde.

Tidlegare fokuserte ein gjerne på einskilde kulturminne, ofte dei med høg symbolverdi eller høg kunstnerisk verdi, men dei siste tiåra har ein byrja å vektlegge større samanhengande miljø og ein meir heilskaplig dokumentasjon. Møre og Romsdal fylkeskommune har ført opp ein rekke kulturmiljø frå Surnadal kommune på sin liste over prioriterte kulturminne og kulturmiljø i fylket.

Det kan ofte vere fleire vanskelegheiter knytt til vern av kulturmiljø, enn bevaring av einskildminne. Særleg når det kjem til kulturmiljø frå nyare tid. Handelsstader, sjøbruksmiljø og bygdesenter er gjerne område som framleis er under utvikling og utbygging, dei har gjerne fleire ulike grunneigarar som ofte har fleire ulike meiningar kring bruk og bevaring, og publikum har gjerne fritt tilgjenge til område.

Det er likevel om å gjere at desse kulturmiljøa blir teke godt vare på. I tillegg til at dei er viktige historiske kjelder, er dei ofte er av stor verdi for innbyggjarane si stadstilknyting og identitet. Framtida for slike miljø vert difor ei sak som vedkjem allmennheita. Dette må innebera at ein frå offentleg hald er særleg merksam på å sikre det historiske bygningsmiljøet på offentlege stader.

Eksempel på viktige kulturmiljø i Surnadal kommune finn du her: Kulturmiljø av nasjonal og regional verdi i Surnadal

KONKLUSJON

Kommunen har ansvar for kulturminne frå nyare tid som fell utanfor ansvarsområdet til nasjonale og regionale vernemyndigheiter. Dette gjeld i utstrakt grad registrering, dokumentasjon, tilrettelegging og formidling av faste, lause og immaterielle kulturminne frå nyare tid. Surnadal kommune manglar eit oppdatert oversyn over verdifulle ståande bygningar, samt oversyn over verdifulle bygg og anlegg som fall utanfor SEFRAK-registeret. Kommunen kan også ta ansvar for å styre utviklinga i og kring større landskapsrom med verdifulle kulturlandskap og kulturmiljø.