Vedlegg: Definisjonar, verdisetting av kulturminne og kulturmiljø, litteratur og kjelder

Klikk for stort bildeillustrasjonsfoto 

  1. Kva er eit kultuminne
    1. Fornminne
    2. Nyare tids kulturminne
    3. Lause kulturminne
    4. Immatrielle kulturminne
  2. Verdisetting av kulturminne og kulturmiljø
    1. Kunnskaps- og kjeldeverdi
    2. Opplevingsverdi
    3. Forsterkande, overbyggande føresetnadaer
    4. Bruksverdi
  3. Grunnlag for prioriteringar
  4. Register
    1. Askeladden
    2. SEFRAK
    3. Kulturminnesøk
    4. Kulturminneatlas
    5. Miljøstatus
    6. Unimus
    7. Andre relevante nettsider
  5. Litteratur og kjelder

Kva er eit kulturminne?

Kulturminnelova definerer kulturminne som alle spor etter menneskelig aktivitet i vårt fysiske miljø, samt lokalitetar knytt til historiske hendingar, tru eller tradisjon.

Når eit eller fleire kulturminne inngår i ein vidare heilskap eller samanheng, kan ein tale om eit kulturmiljø. Vurderingar av kulturhistorie, tidsdjupne, einskilde kulturminne og landskap ligg til grunn når eit kulturmiljø vert definert og avgrensa.

Med kulturlandskap meiner vi dei landskapa som er forma av menneska sine liv og aktivitetar gjennom tidene. I ei utvida forståing kan ein også tale om landskap som på ulikt vis ber i seg førestellingar som påverkar mennesket.

Når ein skal definera og vurdera kulturminne skil ein i hovudsak mellom fornminne og nyare tids kulturminne, men ein kan og skilje mellom faste og lause kulturminne, synlege og ikkje-synlege kulturminne, og materielle og immaterielle kulturminne.

Fornminne

Fornminne, også kalla førreformatoriske kulturminne, arkeologiske kulturminne eller automatisk freda kulturminne, omfattar alle kjende og ukjende kulturminne eldre enn 1537. I tillegg reknar ein ståande bygg og myntar eldre enn 1650, kulturminne i sjø, vatn og vassdrag eldre enn 100 år, og samiske kulturminne eldre enn 100 år for å vera automatisk freda.

Det er straffbart å øydeleggje fornminne og ein har plikt til å gjera seg kjent med om det er automatisk freda kulturminne i eit område før ein tek til med utbygging. Om ein kjem over kulturminne som ein antek kan tilhøyre kategorien automatisk freda, så skal dette rapporterast inn til fylkeskommunen slik at dei kan undersøke lokaliteten nærare.

I tillegg har ein plikt til å levera inn lause gjenstandar frå før 1537, desse kan enten leverast til fylkeskonservatoren eller til eit av de arkeologiske landsdelsmusea. For Surnadal kommune vil dette seie Vitenskapsmuseet ved NTNU. Ein har krav på finnarløn, men har elles ikkje lov til å tene pengar på sal av slike gjenstandar. Det er heller ikkje lov til å behalde desse fornminna sjølv.

Dei vanligaste fornminna i Noreg er gravhaugar, rydningsrøyser, helleristningar, fangstgroper og hustufter.

           

Nyare tids kulturminne

Nyare tids kulturminne omfattar hovudbolken av kulturminne yngre enn 1537. Desse kulturminna har ikkje automatisk vern, men gjennom vedtak kan Riksantikvaren også frede nyare tids kulturminne. I tillegg har kommunen ei viktig rolle i bevaring av nyare tids kulturminne.

I røynda finst det ikkje ei nedre tidsavgrensing for kulturminne. Dette gjer at det i denne kategorien finns eit vidt spekter av ulike type minne. Nokre av dei er vanlege og/eller har lav kulturhistorisk verdi, mens andre er sjeldne og/eller kan ha stor lokal, regional eller nasjonal verdi. Dette gjer at kommunens arbeid med å registrera og verdivurdera desse er av stor betyding.       

Det finst ikkje noko landsdekkande samla oversyn over nyare tids kulturminne, slik som for fornminne. Det viktigaste landsdekkande registeret over nyare tids kulturminne er SEFRAK-registeret, med eldre bygningar og ruinar. SEFRAK er fyrst og fremst eit register som har særleg verdi som kjeldemateriale for lokalhistorie. I tillegg er registeret nytta av kulturminneforvaltinga som utgangspunkt for å finne verneverdige bygningar.

Lause kulturminne
Lause kulturminne er dei kulturminna som kan skiljast frå landskapet og for eksempel setjast i ein monter i eit museum. Desse gjenstandane har vorte laga og brukte, og tek oss ofte nærare einskildmennesket enn dei faste minna.

Dei lause kulturminna frå før 1537 er automatisk freda. Desse vert i all hovudsak lagra hos landsdelsmusea, i Surnadal sitt tilfelle hos Vitenskapsmuseet ved NTNU. Vidare er myntfunn eldre enn 1650 staten sin eigedom. Finnarar av lause automatisk freda kulturminne i Surnadal kommune pliktar å levere desse inn til vernestyresmaktene ved fylkeskommunen eller til næraste landsdelsmuseum.

Lause kulturminne frå etter 1537 frå Surnadal kommune er samla til fleire regionale og lokale samlingar. I tillegg finst truleg ei stor mengd på private hender rundt om i kommunen.

Regionale samlingar som inneheld gjenstandar frå Surnadal kommune, både frå før og etter reformasjonen, er mellom anna Trøndelag folkemuseum – Sverresborg, Vitenskapsmuseet ved NTNU og Kulturhistorisk museum og Norsk Folkemuseum i Oslo. Viktige lokale samlingar av slike minne finn ein på Åsen bygdemuseum, Bøfjorden sjøbruksmuseum, Svinviks arboretet, Trollheimen naturhistoriske samlingar og Kleiva.  

Immaterielle kulturminne

Ikkje-materielle kulturminne er minne frå eldre tids kultur som gir meining i kraft av historie, tru og tradisjonar. Det er kunnskap som sit i hovud og hender, slik som segner, hendingar og historiar, song- og musikktradisjonar, handverksteknikkar og kunsttradisjonar, dialekter, ord, uttrykk og gamle stadnamn.

For å bevara desse minna må tre sider av denne tradisjonen førast vidare og vernast om: forteljaren, forteljinga, og i mange tilfelle, naturformasjonar og stader som står sentralt i forteljinga.

Innsamling, lydopptak og nedskriving av soger er vesentleg i arbeidet med å ta vare på dette materialet. For å halde det levande er det også viktig å kople dei gamle historieforteljarane med eit ungt publikum, slik at dagens unge i større grad vert levande tradisjonsberarar.

I denne samanhengen kan det også vere viktig å ta vare på og verne om naturfenomen som i seg sjølv ikkje fyller vanlege kriterium for vern.

På same måten som sogene kan skrivast ned, kan handverksteknikkar til ein viss grad dokumenterast i tekst, bilete, lyd og film. Men i enno større grad er det her vesentleg med levande tradisjonsberarar og kulturberarar.

Det er mykje enklare å halde eit handverk levande enn å prøve å rekonstruere framgangsmåtane i ettertid. Her er det vesentleg med gode arenaer for framsyning og læring. Best er det om handverket vert kopla til levande marknader og etterspurde produkt.

Verdisetting av kulturminne og kulturmiljø

Henta frå Regional delplan for kulturminner av regional og nasjonal verdi (U 1/14):

«Når ein skal gjere ei vernevurdering av eit kulturminne eller eit kulturmiljø må ein nytte ein metode der ein får frem kva element verneverdien er samansett av. Det kan vere hensiktsmessig å skille mellom reint vernefaglege vernekriteriar kunnskapsverdi og opplevingsverdi) forsterkande/overbyggjande føresetnader og brukstilknytta vernekriteriar. Desse kan nyttast både til å avklar  vernestatus (vernenivå) og som styringsreiskap for restaurering, skjøtsel og bruk av kulturminna.

Kunnskaps- og kjeldeverd

Kva for kunnskap kan kulturminnet gje oss? Kunnskapsverdien er særs viktig og utgjer ofte fundament for dei andre verdikategoriane. Kulturminna betyr mykje som kjelde til kunnskap og forståing av fortida. Dette kan gjelde ulike forhold som korleis kulturminne har blitt bygd eller laga, bruken av kulturminne gjennom historia, og kva verdi det har hatt, korleis menneska har levd, korleis samfunnet har fungert, og om sameksistensen mellom menneska og naturen. Det dreier seg om målbare og objektive eigenskapar knytt til kulturminnet sin funksjon, eksistensgrunnlag og historie som t.d. Bygningshistorisk verdi, næringshistorisk verdi, levekårhistorisk verdi.

Opplevingsverd

Subjektive verdiar, avhengig av betraktaren sin erfaringsbakgrunn, smak, preferansar og temperament. Legg samtidig til grunn faktiske, historiske eigenskapar. Kva for opplevingar kan kulturminnet gi oss? Opplevingsverdien knyttar seg til kva folk flest eller ulike grupper, opplever. Opplevingsverdien kan også splittast opp i fleire element som til dømes arkitektonisk verdi, alderspreg, symbolverdi, miljøskapande verdi, identitetsskapande verdi, kjensleverdi.

Forsterkande, overbyggande føresetnade

Slike forsterkande, overbyggande føresetnader kan nyttast til å vurdere i kva grad kulturminnet er eigna til å formidle dei aktuelle verdiane knytt til kunnskapsverdi og opplevingsverdi. Det er snakk om føresetnader som styrkar eller svekkar dei ovanfor nemnte verdiane som autentisitet, opphavlegheit, alder, kontinuitet og sjeldanheit. Ved samanlikning av fleire kulturminne sin verneverdi kan disse overbyggande føresetnadane nyttast til å vekte/gradere dei kulturminnefaglege vernekriteria. Dei kan dermed vere eit virkemiddel for utveljing av kva for kulturminner som skal vernast, og på kva for verne nivå dei høyrer heime (nasjonal, regional eller lokal verdi).Fleire av dei overbyggande føresetnadene er ikkje verdiar i seg sjølv, men må knyttast opp mot dei andre verneverdiane.

Bruksverdi

Kva kan kulturminnet brukast til? Freding er vern gjennom bruk, og i seinare tid har kulturminne som ein bruksressurs kome meir og meir i fokus. På den andre side er det viktig å ha klart for seg at det kan vere konflikt mellom bruk av kulturminnet og ivaretaking av dokumentasjonsverdien/opplevingsverdien. At kulturminnet framleis er i bruk kan vere ein viktig føresetnad for å få til vern, men bruken må vere på kulturminnet sine premissar ved å ta omsyn til dei kvalitetane som gjer det kulturminnefagleg verneverdig. Bruken kan resultere i verdiskaping, både økonomisk, kulturelt, sosialt og miljømessig».

Grunnlag for prioritering

Følgjande moment ligg til grunn for kommunen sine prioriteringar:

Tilgjenge frå bilveg

Dette ekskluderer store mengder kulturminne i ein kommune som Surnadal. Det er ingen grunn til ikkje å tilrettelegge kulturminne i turområde. I område som vert vitja fyrst og fremst for naturkvalitetane skal ein vere varsam med skilting, og ei tilrettelegging får slik ein anna karakter i utprega turområde.

Hovudferdsleårer og senter

Om ein ynskjer at kulturmiljøet skal brukast eller vitjast av flest mogleg, kan dette vere vesentleg. Ut frå denne tanken kan ein tilrettelegge kulturmiljø der dei store folkemengdene allereie er.

Variasjon i type og alder

 

Bringe prosjekt som er påbyrja i mål

 

Behov for informasjon

Nokre kulturminne er fjerna eller ikkje synlege i det heile. For desse er behovet for informasjon og formidling stort, tilgang til dette ved skilting, brosjyre eller digitale metodar er avgjerande for å få utbyte. Ståande bygg frå mellomalder og nyare tid er synlege, og vitjarane forstår i stor grad kva dei ser. Synlege kulturminne som kol groper, jernvinne, gravminne, bergkunst og tufter, står i ein mellomposisjon. Her kan ttilrettelagt informasjon hjelpe til å  både å få auge på, og å forstå.

Når det gjeld tilrettelegging av kulturminne er prosjekt som omfattar skilting, skjøtsel, opparbeiding av gangstigar og avtalar med grunneigarar dei mest kompliserte, dyraste og mest omfattande. Motsett - i utprega turområde i snaufjellet kan ei fullgod tilrettelegging vere ein papirfaldar og/-eller utlegging av kvalitetssikra informasjon på Kulturminnesøk. Med dagens mobilapplikasjonar har ein både GPS og tilgang til informasjon, og med dette kan vitjarar på eiga hand oppdage kulturminna (utan skilt). Dette er ein type tilrettelegging som kan brukast for mange av kulturminna i Surnadal. Desse er ikkje tekne med i prioriteringane under.

Kjelder og register

Askeladden

Askeladden er Riksantikvaren sin offisielle database over freda kulturminne og kulturmiljø i Norge. Den byggjer på fleire gamle databasar og vart offisielt opna i 2004. I januar 2012 vart ein ny og forbetra versjon av Askeladden lansert og det vert kontinuerleg arbeidd med forbetringar og oppgraderingar.

Basa inneheld data om kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova, eller kulturminnefaglig vurdert som verneverdige.

Askeladden er eit verkty for kulturminneforvaltninga, og representantar frå sentral, regional og lokal forvaltning kan registrera seg som saksbehandlar. Dei vil då få anledning til å leggja til, endre og oppdatera opplysningane i Askeladden. Ved å gå inn på Riksantikvaren si nettside Kulturminnesøk kan også andre interesserte finne informasjon om  kulturminna som finst i Askeladden.

Det er ikkje alle automatisk freda kulturminne som er registrert i Askeladden. Innhaldet i databasa kjem frå fleire ulike kjelder, og i mange tilfelle er dette innsamla for fleire tiår sidan. Det kan difor finnast utdaterte og feilaktige opplysningar i enkelte tilfelle og unøyaktigheit i kartfesting. Vidare varierer det frå fylke til fylke, og kommune til kommune, kva som er lagt inn i Askeladden. Det inneber at sjølv om Askeladden syner at det ikkje er registrert kulturminner i eit område, er det ingen garanti for at det ikkje finnes kulturminne her.

Kulturminna i Askeladden ligg registrerte som einskildminne under lokalitetar. Ein lokalitet kan omfatta einskildminne med ulike vernestatusar.

Dei ulike vernestatusane i Askeladden er:

  • Automatisk freda
  • Vedtaksfreda
  • Forskriftsfreda
  • Midlertidig freda
  • Fredingsak pågår
  • Kommunalt verna (PBL)
  • Listeført kyrkje
  • Statleg listeført
  • Uavklara Oppheva freding
  • Fjerna (aut.freda)
  • Ikkje freda

 

SEFRAK

Det viktigaste landsdekkande registeret over nyare tids kulturminne er SEFRAK - registeret. SEFRAK er ei forkorting for namnet på institusjonen som byrja arbeidet med registreringa - Sekretariatet for registrering av faste kulturminner. Registeret byggjer på feltarbeid i perioden 1975-1995.

SEFRAK-registeret er først og framst eit generelt kulturhistorisk register som særleg har verdi som kjeldemateriale for den lokale historia. Registeret er også brukt av forvaltninga for å finne verneverdige bygningar i lokalmiljøet, og i det kommunale planarbeidet.

Riksantikvaren har fått gjennomført nokre kontrollregistreringar som viser at vi på landsbasis mister litt under ein prosent SEFRAK registrerte bygningar i året. Som ein del av forarbeidet til kulturminneplan gjennomførte Surnadal kommune kontrollregistrering i delområdet Ranes.

Kulturminnesøk

Kulturminnesøk er ei nettside der du finn informasjon om over 190.000 kulturminne og kulturmiljø: Freda bygningar, freda kulturmiljø, verdssarvstader, kyrkjer, arkeologiske kulturminne og kulturminne under vatn. Du finn alt frå kokegroper og gravhaugar, til kioskar og bensinstasjonar! 

Kulturminnesøk byggjer på Askeladden som forvaltning og forskare har nytta siden 2004. Denne databasa er meint for eit allment publikum og ein del fagtunge opplysningar er teke bort i, medan illustrasjonar, brukarvennlege kart og begrepsforklaringar er komne til. I tillegg til kortfatta informasjon frå Askeladden og kartinformasjon knytt til Sefrak, finn ein i denne databasa ei rekke andre nyare kulturminne.

På oktober i 2020 er det 177 postar som er registrert for Surnadal i Kulturminnesøk, i tillegg kjem dei som er henta frå Askeladden og Sefrak.

Kulturminnesøk er open for bruk av alle, men for å leggje inn kulturminne med kartfesting, foto, tekst og anna informasjon i basen, lyt ein registrere seg med brukarnamn og passord. Kommunen vil som ledd i arbeidet med nyare tids kulturminne legge ut registrerte kulturminne i Kulturminnesøk. Målet er at etter registrering av nyare tids kulturminne, skal desse leggast ut i Kulturminnesøk.

FylkesFOTOarkivet

I FylkesFOTOarkivet for Møre og Romsdal kan ein søkje i lokalhistoriske foto frå heile fylket. Surnadal kommune si fotosamling ligg her, med ca. 5500 bilete innsamla frå heile kommunen.

 

Digitalt museum

Digitalt museum er ein felles database for samlingar i norsk og svenske kunst- og kulturhistoriske museum, som vert brukt av dei fleste musea i det nasjonale nettverket. Her blir samlingane gjort tilgjengeleg for publikum, også det som ligg i magasina, og ein kan enkelt søke seg fram til det ein er interessert i. På sida finn ein også nettustillingar og artiklar. Det er pr. 2020 registrert nestan 1 million gjenstandar og 1,8 millionar foto i basen totalt, og du finn mange gjenstandar og foto frå Surnadal her. Ein kan opprette brukarkonto og vere ein aktiv deltakar med å sende inn opplysningar til museet.

GisLink.no

GisLink er ei online kartteneste levert av Statsforvaltaren og fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag, med mange forskjellige kartlag. Den er enkel å søkje i og ein finn mykje informasjon om dei registrerte kulturminne i vårt område. Viktigast for kulturminneforvaltninga er dei kartlaga som er knytte til kulturhistorie som ikkje er tilgjengelege i Askeladden. Kulturlandskap er eit viktig døme på dette, og kartlaget og registeret over høgt prioriterte kulturlandskap ligg under Naturområde og arealbruk. Dette er og tilgjengeleg via Miljødirektoratet sin Naturbase.

Unimus

Universitetsmuseenes samlingsportaler på nett inneheld ein katalog over lause kulturminne, i hovudsak automatisk freda gjenstandar, som ligg i magasina til universitetsmusea i Noreg. Typiske postar her er gjenstandar funne av bønder og andre lokale i arbeid med jorda, og gjenstandar komne for dagen ved arkeologiske granskingar. I desse tilfella viser ofte katalogen til meir detaljert informasjon andre stader. Unimus.no er open for alle, utan passord og registrering. (Denne sida er på veg ut per 2020).

KulturPunkt 

KulturPunkt er ein kunnskapsbase på din eigen mobil som lar deg oppdage og fordjupe deg i stader i det kulturelle landskapet rundt deg. Innhaldet kan nås ute i felten ved å bruke QR-kodar som sender deg vidare til relevant innhald. Dette kan vere tekst, foto, video eller lydfiler, som du får gratis tilgang til. Som mange andre norske museer har også Nordmøre museum tatt i bruk denne løysninga i 2020, og har i Surnadal publisert innhald for Åsen bygdemuseum, Svinviks arboret og Kleiva. Innhald i KulturPunkt er utarbeidd og tilrettelagt av ei rekkje norske museum.

Minner

Minner er ein nettstad for målretta innsamling av folks personlige historier, for forskning og tilgjengeliggjøring, med mulighet for publikum til å opprette eigen brukarkonto og delta aktivt. Nettstaden er ein del av Digitaltmuseum.

Fylkesatlas

På Fylkesatlas kan du søkje i kart og finne gamle stadnamn som var innsamla i regi av Surnadal kommune på 1980-talet.

Nasjonalbiblioteket

På Nasjonalbiblioteket finn du digitaliserte bøker, også lokalhistoriske bøker frå Surnadal.

 

Litteratur og kjelder

Litteratur

Bergheim, Olav (1981): Glimt frå krigstida

Berglund, Birgitta (1993): Gamle spor etter åkerbruk i Midt-Norge. SPOR 1993 nr. 2.

Berglund, Birgitta (1995): Hva forteller omlandet om samfunnsorganisasjonen i jernalder, middelalder og på 1600-tallet? Tjøtta-riket – En arkeologisk undersøkelse av maktforhold og sentrumsdannelser på Helgelandskysten fra Kr.f. til 1700 e.Kr.

Brørs, Styrkår (2004): Svorkahistoria: Da strømmen kom til Halsa, Rindal og Surnadal

Bøe, Bernt (1996): "Kyrkja i Stangvik": Stavkyrkja 1407-1783, Korskyrkja 1784-1896: Stangvik kyrkje 100 år 1897-1997

Bøe, Bernt Gudrunson (2011): Kyrkja i Todalen : 1861-2011

Bøe, Bernt (1999): Seterbok for Todalen

Bøe, Bernt (1990): Skulehistorie for Surnadal: Glimt frå 250 år : 1739-1989

Christensen, Arne Lie (1984): Gard og plass i en bygd på Nordmøre: Kulturminner fra nyere tid i Todalsvassdraget

Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen

Dyrendahl, Edvard (2007): En bygd i det historiske grenselandskapet : mangfold uten grenser: bosetningshistorie for Surnadal 1200-1660

Dyrøy, Heidi og Hjellmo, Marit (1995): Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Surnadal kommune

Farbregd, Odmunn 1986: Elveosar – gamle sentra på vandring. SPOR 1986 nr.2.

Folden, H. E. og Langli, J. (1997): Folldalen og Vindøldalen

Fugelsøy, Maurits (1933): Folkeminner fra Surnadal

Gansum, Terje, Gro B. Jerpåsen, Christian Keller: Arkeologisk landskapsanalyse med visuelle metoder

Hatle, Sverre  m.f. (2010): Ord te gagns: ord og uttrykk frå Surnadal / etter ei samling av Bjarne Østbø og andre

Haug, Anne og Raymond Sauvage (2005): Huler, hellere og deres mange hemmeligheter. SPOR 2005 nr.2.

Hyldbakk, Hans (1972): Gamalt frå Surnadal: (livsskildringar, historier og tradisjon)

Hyldbakk, Hans (1975): Setrane i Surnadal

Holme, Jørn (red): Kulturminnevern. Lov forvaltning, håndhevelse. Bind I og II

Lie, Ragnar Orten (2003): Båtgrava ved Mo kirke i Surnadal

Polden, T., Myrbostad, E. og Ansnes, L. S (2010): Kvenndalen - med Kvennbøtæla og Engjamarka: historia, kulturlandskapet, folket

Meringdal, Odd (1976): Engelsktida i Surna

Mo kyrkje (1978): Mo kyrkje 250 år: 1728-1978

Mo, P. (1928): Gardtales i Surnadal: frå midtna av 1600 talet til fyrst på 1900 talet

Moen, Oddvar (2007): Mo kyrkje 1728

Møre og Romsdal fylkeskommune (2012): Brukarhåndbok for Kulturminneatlas

Møre og Romsdal fylkeskommune (1995): Fornminne i Surnadal kommune : foreløpig rapport om faste og lause fornminne

Møre og Romsdal fylkeskommune (2014): Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi til høyring

Nymoen, Pål Aa. (1995): Sjøveien over land – om eid og båtdrag i Midt-Norge. SPOR 1995 nr. 1

Surnadal sparebank: Nilsen, Oddvar (1983): Bank og bygd gjennom 140 år - Surnadal sparebank 1843-1983

Richelieu, Johan Christopher (1769): Carte Over Surendahls Præstegield, udi Nordmøres Fogderie beliggende, af 4 Kirke-Sogne bestaae[n]de, Navnlig 1. Øye Hoved-Kierke, 2det Ranæs Annex, 3de Moe Anne

Riksantikvaren (1998): Automatisk fredete arkeologiske kulturminner. Riksantikvarens informasjon om kulturminner.

Riksantikvaren (2013): Kulturminner i kommunen - Håndbok for lokal registrering

Riksantikvaren (2010): Kulturminner, kulturmiljøer og landskap

Riksantikvaren (2006): Plan- og bygningsloven som verkty for kulturminneforvaltning

Rygh, Oluf (1885): Norske Oldsager.

Sogndal kommune (2013): Kulturminneplan for Sogndal kommune

Sognnes, Kalle (2000): Graver, båter, krigere - et glimt av Europa i Trøndelags bronsealder. SPOR 2000 nr.2.

Stord kommune (2009): Kulturminneplan for Stord kommune

Stortingsmelding 35 (2012-13): Framtid med fotfeste

Vinje kommune (2013): Kulturminneplan for Vinje kommune

Voss kommune (2004): Kulturminneplan for Voss kommune

Wennevold, Steinar (1974): Bosettingsendringer i Sunndal og Surnadal 1946-1970

ØRSTA kommune (2017): Kommunedelplan kulturminne og miljø 2018 - 2025

Årnes, Arne (1988): Surnadal i krig

Åsskard kyrkje (1976): Åsskard kyrkje 100 år: 1876 - 1976

Nettstader

Askeladden: www.askeladden.ra.no

Kulturminnesøk: www.kulturminnesok.no

Kulturminneatlas: www.kulturminneatlas.no

Univeristetsmuseenes arkeologiske samlingar på nett:

http://www.unimus.no/arkeologi

Miljøstatus: www.miljostatus.no

Miljødirektoratet: www.miljodirektoratet.no

Kulturlandskapssenteret: www.kulturlandskapssenteret.no

Kulturnett - Møre og Romsdal: www.mr.kulturnett.no

Norsk kulturarv: www.kulturarv.no

Riksantikvaren: www.riksantikvaren.no

Kirkesøk: www.kirkesok.no

Lovdata: www.lovdata.no

Lokalhistoriewiki: www.lokalhistoriewiki.no