Vedlegg: Kulturmiljø av nasjonal og regional verdi i Surnadal, oversiktskart

Klikk for stort bildeDiktarheimen Kleiva

I følgje Riksantikvaren er eit kulturmiljø eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Kulturmiljø kan ein finne i både byar og tettstader, i jordbrukslandskap og i skog og utmark. Eksempel på typiske kulturmiljø kan vere byområde, ei setergrend, eit fiskevær eller eit industriområde med fabrikkar og bustadar. Naturelement med kulturhistorisk verdi kan også vere ein del av eit kulturmiljø.

Vedleggsinndeling:

  1. Kva er eit kulturmiljø og kvifor er det viktig i denne planen.
  2. Kulturmiljø av nasjonal verdi i Surnadal
    1. Kavlveg
    2. Torvik naustmiljø
    3. Jarnvinningsanlegg ved Gråsjøen
    4. kokegrop på Kvanne
    5. Kyrkjestad på Skei
    6. Lånna på Ranes
    7. Nerlånna, Skrivarstua og Sjefsgarden på Kvanne
    8. Dreierstua på Åsskard
    9. Stangvik kyrkje og prestegard
  3. Kulturmiljø av regional verdi i Surnadal
    1. Øye kulturmiljø (Kyrkje og prestegard)
    2. Surnadalsøra
    3. Kunstnarheimen Kleiva
    4. Kvanne Strandstad
    5. Nordmarka markagarder
    6. Ranessetra
    7. Stangvik kulturmiljø
    8. Svinvik gard og arboret
    9. Todalshytta
    10. Todalsøra
    11. Utmarksmiljøer med fokus på tvillingløer
    12. Dalahaugen husmannsplass
    13. Historiske vegfar på Kårvatn/Trollheimen

Kva er eit kulturmiljø og kvifor er det viktig i denne plana

Eit kulturmiljø kan ha ein kulturhistoriske verdi, utan at dei enkelte elementa er fredingsverdige i seg sjølve. Det er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap. 

Automatisk freda kulturminne har eit sterkt vern med ei automatisk omsynssone på 5 meter i alle retningar, døme på eit slikt kulturminne er den gamle kavlvegen som ligg på Eidet.

Per 2020 er det 12 nasjonalt freda kulturmiljø i Norge, dette arbeidet er det Riksantikvaren som har ansvaret for og det er Kongen i statsråd som vedtek disse verneområda.

Andre områder er òg definert til å ha regional og lokal verdi, sjølv om det ikkje er freda i statsråd. Vernet i slike områder blir gjennom plan og bygningsloven og lokale vedtak gjennom arealplanene til kommunane.  Riksantikvaren har difor utarbeidd ein rettleiar som skal vere til hjelp til å verne miljø av regional og lokal verdi.

VEILEDER KULTURMINNER, KULTURMILJØER OG LANDSKAP PLANLEGGING ETTER PLAN- OG BYGNINGSLOVEN (20.12.2019):

"Regional og nasjonal kulturminneforvaltning har gjennom kulturminneloven anledning til å frede og også gi dispensasjon fra fredning av kulturminner/kulturmiljøer. Vern av kulturminner, kulturmiljøer og landskap kan også sikres gjennom bruk av plan- og bygningsloven. Dette er et virkemiddel som kommunene forvalter gjennom sin vedtaksmyndighet, og det kan brukes til å sikre kulturminner, kulturmiljøer og landskap av nasjonal så vel som av regional og lokal kulturhistorisk interesse. Planlegging etter plan- og bygningsloven skal klarlegge arealutnyttelsen i et område, enten det gjelder utbygging eller vern. Loven skal altså sikre både bruk og vern av arealer.

Planleggingen skal fremme helhet, og kommunens utfordring er å forvalte ressursene, samordne sektorer, oppgaver og interesser slik at løsningen blir den best mulige for alle. Det er viktig med tidlig samarbeid med alle parter og aktører, slik at grunnlaget for god planlegging blir lagt. Loven legger opp til at informasjon og mulige konflikter skal på bordet tidligst mulig, og alternative løsninger utredes. Verdien av kulturminner, kulturmiljøer og landskap vurderes i forbindelse med denne prosessen.

Dette innebærer at en gjennom en planprosess får vurdert kulturminnet/kulturmiljøet/landskapet - dets verdi - og hvordan denne verdien veies mot den verdi det planlagte tiltaket har. En slik prosess bidrar til dynamikk i arealforvaltningen for alle parter og aktører. I tillegg til å vurdere kulturminner/kulturmiljøer/landskaps verdi, gir det kommunen og innbyggerne muligheten til å være med på å utforme en arealforvaltning der både 7 bruk og vern er likeverdige tema. Avgjørelsen som fattes, skal være vurdert opp mot de nasjonale målene for kulturminneforvaltningen og miljøvernet. Kommunen kan også selv ta initiativ til å utarbeide særskilte planer med kulturminner, kulturmiljøer og landskap som tema.

En slik plan vil kunne fungere som grunnlag for å utarbeide arealplaner og synliggjør kommunens kulturminnepolitikk.. Planen kan enten gjøres formelt bindende gjennom at den behandles etter plan- og bygningsloven, eller den kan ligge til grunn for arbeid med slike planer. Uavhengig av den formelle statusen vil planen være en kunnskapsbank om de kjente kulturminnene, kulturmiljøene og landskapet i kommunen".

Møre og Romsdal fylkeskommune har i Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi laga ei liste over verneverdige kulturmiljø i Surnadal. Det vil i neste omgang vere arealplana for Surnadal kommune som gir det juridiske vernet.

Kulturminne med formelt vern i Surnadal

Surnadal kommune kulturminne med formelt vern
Namn Kategori Arter Alder Status Vekting
Mo Kyrkje Kulturminne Kyrkjestad, Y-kyrkje i tre 1728 Verna Kyrkje (Kyrkjebygg frå perioden 1650 - 1850) Nasjonal
Stangvik kyrkje Kulturminne Kyrkjestad, langkyrkje i tre 1896 Listeført kyrkje Nasjonal
Åsskard kyrkje Kulturminne Kyrkkjestad, langkyrkje i tre 1876 Automatisk freda Nasjonal
Torvik naustmiljø* Kulturmiljø Naustmiljø Mellomalder Automatisk freda Nasjonal
Ristningsstein, Åsen bygdemuseum Kulturminne Bergkuunst Uviss tid Automatisk freda Nasjonal
Jarnvinningsanlegg, Gråsjøen Kulturmiljø Utmarkskulturminne Merovingetid Automatisk freda Nasjonal
Skei kyrkjestad* Kulturmiljø Kyrkjestad Mellomalder Automatisk freda Nasjonal
Kvanne fornminne, ved Skrivarstua Kulturmiljø Kokegroplokalitet Jarnalder Automatisk freda Nasjonal
Gjeldnesstabburet, Åsen Bygdemuseum Kulturminne Stabbuer Mellomalder Automatisk freda Nasjonal
Kavlveg, Åsen* Kulturmiljø Samferdselsminne Vikingetid/ mellomalder Automatisk freda Nasjonal
Surna ved Harang Kulturminne Forbygging av elva Uviss tid Nasjonal landvernsplan Nasjonal
Søya Kulturmiljø Kanalanlegg Uviss tid Nasjonal landvernsplan Nasjonal
Raulåna, Surnadalsøra Kulturminne Boligeigedom Uviss tid Vedtaksfreda Nasjonal
Skrivarstua, Kvanne Kulturmiljø Gardstun Uviss tid Vedtaksfreda Nasjonal
Nerlånna, Kvanne Kulturmiljø Gardstun Uviss tid Vedtaksfreda Nasjonal
Sjefsgarden, Kvanne Kulturmiljø Gardstun Uviss tid Vedtaksfreda Nasjonal
Lånna, Ranes Kulturminne Gardstun Uviss tid Vedtaksfreda Nasjonal
Derierstua, Åsskard Kulturmiljø Gardstun Uviss tid Vedtaksfreda Nasjonal
Røykomnstue frå Torvik, Åsen bygdemuseum Kulturminne Røykomnstue Uviss tid Vedtaksfreda Nasjonal
Den Trondhjemske Postvei Kulturmiljø Samferdselsminne 1790 Foreslått verna Nasjonal
Stangvik kyrkje og prestegard* Kulturmiljø Kyrkjehistorisk minne Uviss tid Regulert til bevaring Nasjonal
Surnadalsøra* Kulturmiljø Strandstad uviss tid Regulert til bevaring Regional

* meir informasjon lengre ned i artikkelen 

Torvik Naustmiljø

Klikk for stort bildeTorvik naustmiljø Ill  

Klikk for stort bildeNaustrekke på Torvik Google maps  

Klikk for stort bildeJarnvinneanlegg Gråsjøen Ill  

Kyrkjestad på Skei

Klikk for stort bildevitenskapsmuseet Middelalderkyrkjestade på Skei er ikkje registrert i kart, ettersom det ikkje finns restar etter denne kyrkja der den opprinneleg stod.

Kavlvegen på Eidet

På Eidet ligg det fleire gamle samferdselsminne. Det er to gamle vegar bygd av stokkar, den eine ligg delvis under dagens fylkesveg. Den andre ligg i myra ved Lomtjønna. Slike "stokkvegar" blir kalla kavlvegar eller kavlbruer.  Kavlvegen utpå myra er eit 800 meter langt  automatisk freda kulturminne. På Åsen ser vi òg spor etter "Den Trondhjemske Postvei". Det er fleire hundre år med samferdselshistorie som ligg i jorda på Eidet.

Klikk for stort bildeKavlveg på Eidet i Surnadal Ill Kavlvegen kultursti blir eit skilta turstianlegg ved Åsen bygdemuseum på Eidet i i Surnadal. Kulturstien vidarefører og levandegjer ein eldgamal tradisjon for vegbygging over myr med utgangspunkt i ein kavlveg datert 1160 i same område. Kulturstien blir ei vandring i historiske fotefar som formidlar kulturminne og samtidig ei utforsking av lokalt tradisjonshandverk som kan komme til nytte i bygging av miljøvennlege turstiar over våtmark og myr i framtida.

Kavlvegdelen av turstien ligg flatt i terrenget og blir difor forsøkt lagt til rette for brukarar av rullestol med tilrettelagd adkomst frå fylkesveg. Kavlvegen kultursti har fått støtte frå Riksantikvaren, Møre og Romsdal fylkeskommune, Miljødirektoratet og Surnadal kommune. Ein av føresetnadene for prosjektstøtte er kombinasjonen av kulturminneforvaltning og breiddetilbod innan friluftsliv.

Det museumsfaglege ansvaret for bygginga av kavlveganlegget er ivareteke ved samarbeid med Nordmøre Museum Geitbåtmuseet avd. Husasnotra og NTNU Vitenskapsmuseet. Anlegget blir ein rundtur på om lag 3 km beståande av kavlveg med kvilebu og gruslagd tursti og skal stå ferdig i 2022.

Klikk for stort bildeKopi av Kavlveg L.Husby  

Stangvik kyrkje og prestegard

Stangvik kyrkjke og prestegard - Klikk for stort bilde Ill  

Klikk for stort bildeStangvik kirke 1936 Digitalmuseum  

 

Surnadalsøra

Surnadalsøra er regulert til bevaring gjennom Plan og bygningsloven og har slik eit formelt juridisk vern. Dette betyr mellom anna at dei som eig hus på her kan søkje tilskot til vedlikehald og istandsettjing gjennom det lokale "Ørafondet" og andre regionale og nasjonale ordningar.

Klikk for stort bilde 

Klikk for stort bildeStrandagården Surnadalsøra Digitaltmuseum  

Kulturminne og kulturmiljø foreslått verna av regional verdi i Surnadal

Kulturminne og kulturmiljø foreslått verna av regional verdi
Namn Stad Kategori Art Status Alder Skildring
Øye kulturmiljø Øye Kulturmiljø Kyrkjehistorisk minne Regional Uviss tid
Kunstnarheimen Kleiva Skei Kulturmiljø Boligeiendom, kulturhistorisk minne kunstnarheim Regional Uviss tid Skjeldan kulturminne, Hans Hyldbakk sin heim
Dalahaugen husmannsplass Todalen Kulturmiljø landbruksminne Regional 1852 Ein av dei best bevarte husmannsplassane på Nordmøre
Nordmarka markagardar Nordmarka Kulturmiljø Markagardar/ landbruksminner Regional Uviss tid Minne om utgardsnæring typisk for området
Rekketun Stangvik Kulturmiljø Gårdstun, landbruksminne tunmiljø, rekketun Regional Uviss tid Spesielt tunmiljø med rekkeform og bygningar frå fleire bruk
Svinvika gardsanlegg og arboret Svinvik Kulturmiljø Landbruksminne Regional Uviss tid Anlegg med mange bygningar og botanisk hage.
Høyløer/tvillingløer Trollheimeimen/ Nordmarka/ Bøverdalen Kulturmiljø Utmarkskulturminner Regional Uviss tid Særeigna for området
Ranessetra Ranes/Skei Kulturmiljø Seter/landbruksminne/seteranlegg Regional Uviss tid Særmerkt seteranlegg med mange steinbygningar
Strandstad Kvanne Kulturmiljø Handelsplass/ strandstad/trehusmiljø Regional Uviss tid Gamal administrasjon og handelstad
Todalsøra Todalen Kulturmiljø Handelsplass strandstad trehusmiljø Regional Uviss tid Kulturmiljø, eldre strandstad, trehusmiljø
Ranes kyrkje Ranes Kulturminne Kyrkjestad, kyrkjehistorisk minne langkyrkje i tre Regional 1868 arkitekt Schmelling/ Ola O. Skeistrøen
Todalen kyrkje Todalen Kulturminne Kyrkjestad, kyrkjehistorisk minne langkyrkje i tre Regional 1861 arkitekt Jakob Wilhelm Jordan
Øye kyrkje Øye Kulturminne Kyrkjestad kyrkjehistorisk minne langkyrkje i tre Regional 1871 arkitekt Jakob Wilhelm Jordan, også kyrkjestad i mellomalderen (automatisk freda)
Todalshytta Todalen Kulturmiljø Overnattings-/serveringssted/reiselivsminne turisthytte Regional Uviss tid bygd av Lort Philip
Historisk vegfar Kårvatn Kulturmiljø Veianlegg samferdselsminne historisk veg/bru Regional Uviss tid Regional historisk veganlegg med rester av bruanlegg, vegfar og oppmurte kvier i samband mot Oppdal-området

Øye kulturmiljø (Kyrkje og prestegard)

Klikk for stort bildeØye kulturmiljø Ill  

Øye er eit område med mange kulturminne, alt frå arkeologiske funnstader, kyrkjestad frå mellomalderen, gamle sefrak-registrerte hus og eit viktig krigsminneområde. Krigsminna er registrerte, men ikkje lagt inn i systema enda. Ein kunne på dette grunnlaget sagt at heile Øye er eit kulturmiljø.

Nasjonalt er det viktigste i dette området forholdet mellom kyrkja og prestegarden, som det står i rundskriv T-300 (Forvaltning av kirke, kirkegård og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø): "Mange av dagens kirker står på steder med lang tradisjon som bosettingssted, og som religiøst og sosialt samlingssted. De første kirkene ble ofte reist i tilknytning til storgårdene, som gjerne lå sentralt i bygda. I omgivelsene til kirke og kirkegård er det vanlig å finne mange forskjellige typer kulturminner fra ulike tidsperioder. De tidligste er allerede fra førkristen tid, som gravhauger, bosettingsspor, dyrkingsspor, hulveier, m.v. Fra middelalderen finner en ofte rester etter gårdsanlegg, gårdshauger, markedsplasser, levninger etter tidligere kirker, m.v. Ellers finnes gjerne en kirkebakke, en prestegård, tilkomstveier med et veikryss, en opptrekksplass for båter, bygninger for overnatting og samvær, handel og skatteinnkreving, og lagring av mat og utstyr i tilfelle krig eller uår. Sammen avspeiler disse kulturminnene en mer enn 1000-årig tradisjon og utvikling av tro og samfunn. Kirken og enkeltelementene i de nærmeste omgivelsene har ofte stor verdi hver for seg som kulturminner, og samlet som kulturmiljø".

Eit typisk døme på dette er samanhengen mellom Øye kyrkje og prestegarden. Her ser vi kyrkja og presteboligen frå hovudvegen og det er denne siktelinja som er grunnlaget for omsynssona på Øye kulturmiljø. Dette for å sikre bevaring av konteksten mellom kyrkja og prestebustaden, som er uløyseleg knytt til kvarandre historisk.

Klikk for stort bildeØye kirke og prestegard Google maps Resten av prestegarden er skilt ut og heiter i dag Vollan gard. Denne er har ikkje formell vernestatus og er difor ikkje teke inn i omsynsona, ut over det stykkjet som ein ser her midt i bilde, ("Kyrkjegardsbakkan - Bakkan") som i dag blir bruka til beitejord.

Kunstnarheimen Kleiva

Klikk for stort bilde 

Klikk for stort bildeKleivakveld presse  

Dalahaugen husmannsplass

 Klikk for stort bildeDalahaugen Kårvatn 

 Klikk for stort bildeDalahaugen husmannsplass på Kårvatn Dordi Jorunn Halle  

 

 

Nordmarka markagarder 

Klikk for stort bildeNordmarka kulturmiljø Ill  

Klikk for stort bildeNordmarka flyfoto kart  

Stangvik kulturmiljø

Stangvik rekketun  - Klikk for stort bilde 

Klikk for stort bildeKulturmiljø Rekketun Stangvik  

Svinvik gard og arboret

 Svinvika er eit kulturmiljø med kulturminne av ulike typar og frå ulike tidsperiodar. Heile området  i Svinvika har eit stort potensiale for funn av automatisk freda kulturminner, ut i frå beliggenheit og ut i frå funn på Nordvik.

Klikk for stort bildeSvinvikaI den lune vika ned mot Todalsfjorden ligg Svinvikgarden, som har vore bebudd og drive kontinuerleg sidan 1600-talet, (truleg lengre, vi finn første registrerte brukar i 1664). Garden er eit meir eller mindre komplett nordmørstun med samling av alle typar bygningar. Alt frå saga ved fjorden (jfr. den viden kjente Todalsfurua), til sommarfjøs, smie, stabbur og så bortetter ein finn òg mange hundre år gamal kulturmark/matjord.  Dette viser ei drift der ein tok i bruk alle ressursar, dette gjeld fram til i dag der garden igjen har endra seg og ein finn ei gourmetrestaurant midt i tunet i det gamle fjøset.

Då vegen over Hjellnes kom i 1898 vart det for første gong muleg å køyre til og frå Todalen, tidlegare hadde all trafikk gått på fjorden.  Dei tre vegane utgjer i lag eit samferdselsminne. Området er godt dokumenter, med stadnamn og rodeinndelingar.

Svinviks arboret er ein botanisk hage, mest kjent for den store rododendronsamlingen, men hagen består òg av ei stor bartresamling, staudesamling og ein stor frukthage. Plasseringa i landskapet gir gunstige lokalklimatiske forhold, som har gjort det muleg å få den bredde denne hagen består av. Det var Halvor Svinvik (1897-1976) som bygde opp hagen. Halvor hadde odel på garden, men valte å skille ut eigedommen arboretet ligg på for å satse vidare på oppbygging av ein botanisk hage. Dyrking av planter og vekster var hans store interesse. Dei første utplantingane som Halvor Svinvik gjorde var nede på garden. i 1971 vart eigedommen donnert til NTNU Vitenskapsmuseet som var eigar og drivar fram til 2010.Dei siste åra hard en nasjonale verdien av arboretet vorte forsterka og annerkjent. Ein av funksjonane til Svinvik arboret er per i dag å fungere i ei nasjonal rolle som back-up samling for norske fruktgenbankar.

Klikk for stort bildeOversiktsbilde Svinvika Området er i aktiv, dagleg bruk der den gamle vegen over Hjellnes er ein av dei mest besøkte merka stiane i Surnadal, men stor betydning for folkehelsesatsinga i kommunen.

Utmarksmiljøer med fokus på tvillingløer

Klikk for stort bildeUtmarkskulturmionner Ill  

Bjorvollen i Bøverdalen - Klikk for stort bildeEksempel på tvillingløe N.Holten  

Ranessetra

Klikk for stort bildeRanessetra 

Klikk for stort bildeRanessetra Surnadal kommune  

Kvanne Strandstad

Klikk for stort bildeKvande Strandstad Ill  

Klikk for stort bildeKvande fergeleie og strandstad 

Todalsøra

Klikk for stort bildeTodalsøra strandstad Ill  

Klikk for stort bildeTodalsøra Todalen.no  

Todalshytta 

Klikk for stort bilde 

Klikk for stort bilde 

Historiske vegfar på Kårvatn/Trollheimen

Klikk for stort bildeGammelseterdalen 

Klikk for stort bildeKårvatn og gammelseterdalen 

Klikk for stort bildeVegfar i gammelseterdalen mot Tovatna