Kapittel 5; Lokalmat

 Lokalmat Marius Rua  

Innhald

Lokalmat

Omsetninga av lokalmat er sterkt aukande og spesielt under koronaperioden. Folk søkjer lokal og trygg mat, andre kjøpskanalar og kunnskap om opphav og berekraft i større grad enn tidlegare. Lokalmat har ei viktig rolle i utviklinga av landbruket, reiselivsnæringa og i å bygge opp lokal stoltheit og identitet. Serveringsstadane i Surnadal har også begynt å bruke lokalmat i større grad enn tidlegare, noko som er svært positivt. I tillegg er dei større produsentane lokalt representert i lokale matbutikkar og rapporterer om godt og stadig aukande salg.

REKO står for REttferdig KOnsum og er ein måte å handle og selje lokalprodusert mat på, heilt utan mellomledd.

Handelsfenomenet «REKO» vart grunnlagt av Thomas Snellman i Finland i 2013 og har sidan spreidd seg rundt om i fleire land. Denne nye marknadskanalen har kome som ein vind over landet dei siste åra, og i Surnadal er det etablert ein ring saman med Rindal med oppstartstøtte frå Surnadal kommune, både økonomisk og i form av rådgiving. Denne har per i dag 2360 medlemmer (potensielle kundar) og har utlevering ein gong kvar månad. Dette er ein suksess lokalt og er ein nyttig salgs- og marknadskanal for dei lokale leverandørane. Ordninga gir nye leverandørar låg terskel for å koma seg inn i marknaden og dei får enkelt teste nye produkt.

Gjennom Reko-ringen blir det tilbydd lokale produkt frå storfe, fisk, poteter, urter og grønsaker, bakevarer, sau og gris. Reko-ringen har i dag ca. 25 produsentar, men alle er ikkje like aktive. Talet på leverandørar varierer, men ca. 10-15 annonserer varer ved kvar utlevering.

Auka omsetting av lokalmat er bra både for miljø og lokaløkonomi. Derfor har Surnadal kommune støtta oppstarten til den lokale REKO-ringen. Å kunne selje varer direkte på dette viset gjer det enklare å starte opp og drive som småskalaprodusent. Samtidig kan det gi eit bein til å stå på for også store produsentar som i hovudsak leverar råvarer til vidareforedling. REKO er nok interessant for både store- og små produsentar.

For matprodusentane er ein REKO-ring føreseieleg og trygt, dei veit kva dei skal levera på utleveringsdagen, og  dei er heller ikkje pliktig til å vera med  kvar gong. Det skal vera låg terskel for å vera med, enkelte varer er sesongbaserte og ikkje alle produserer like mykje. Bestilling av varer kan ein gjera via Facebook.

Ved å handle frå lokale matprodusentar støttar vi som lokalbefolkning dei lokale arbeidsplassane våre, vi støttar produksjon av mat på måtar vi har tillit til og vi får det kulturlandskapet som vi vil ha.

Produsentane er sjølve ansvarlege for og forplikta til å følgje reglar i forhold til matsikkerheit og rekneskap/skatt. Det betyr at den enkelte er ansvarleg for å vera registrert i Mattilsynet og ha dei nødvendige godkjenningane.

Lokalmat er ein viktig del av identiteten vår og gir god omsetning for; produsentane, reiselivsbedriftene og lokal stoltheit. Det er viktig med ei bevisstgjering rundt kva vi har og kva som kan produserast lokalt. Dette bygger også opp rundt eit av konsepta frå RISS om at vi er «midt i matfatet», som ein også ønskjer å vidareutvikle framover med reiselivsprodukt rundt dette.

Mål og strategier

Mål

  • Surnadal kommune vil fortsette å legge til rette for positiv utvikling av lokalmatbedrifter i Surnadal, både nye og eksisterande bedrifter. Nye marknadskanalar som f.eks REKO-ring, gjer det lettare å teste både produkta og sitt eige konsept i marknaden
  • Surnadal kommune ønskjer også å støtte nye tiltak rundt marknadsarbeid, marknadskanalar etc. for å hjelpe bedriftene innanfor lokalmat med å auke omsetninga som er heilt nødvendig for vidare utvikling. Dette gjeld både nye og eksisterande bedrifter
  • Surnadal kommune vil støtte opp under samarbeid mellom produsentar som marknadsfører seg ut over kommunens og distriktet sine naturlege område
  • Surnadal kommune ønskjer å bidra til at Surnadal kan ta ein posisjon som «midt i matfatet» innanfor lokalmat og reiseliv
  • Bidra til at det blir seld meir lokalmat
  • Bidra til at det blir mottak, produksjon og foredling av viltkjøtt
  • Bidra til at minst 30% av all mat i kommunal regi (kantiner og sjukeheim) skal vera lokalprodusert mat
  • Auka  kjøp av kortreiste matvarer produsert i Midt-Norge

Strategier

  • Bidra til at innkjøpsavtalane ivaretek målet om å auke kjøp av lokalprodusert, kortreist mat
  • Bidra til at det lokalt blir handla meir lokalproduserte matvarer, gjennom til dømes: “Rekoring” og "bondens marked”
  • Stimulere til meir produksjon av  mat lokalt
  • Bidra til lønnsam drift for lokalprodusentar
  • Stimulere til etablering av nye lokale bedrifter innan slakting og foredling
  • Bidra til å ivareta og vidareutvikle store produksjonsmiljø 
  • Bidra til berekraftige driftsmåtar innan landbruket og fokus på sirkulærøkonomi

Berekraftsvurdering

Lokalprodusert mat er eit positivt bidrag til verdas matproduksjon. Råvarer og ferdige produkt er ikkje transportert, og produksjonen bidrar til å oppretthalde lokalt kulturlandskap og er slik positivt for naturmangfaldet. Eit tettare forhold mellom produsent og forbrukar ansvarleggjer begge partar overfor kvarandre i større grad enn ved anna handel.

Innspel frå politikarar og næringsliv

Næringsliv Formannskapet