Surnadal vidaregåande skule

Skulen ligg fint til på Øye i Surnadal, omlag 1 km frå kommunesenteret Skei. Surnadal vidaregåande skule er ein kombinert skule med både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skulen har nyrestaurerte lokale med idrettshall, kunstgrasbane og friluftsområde like ved.