Kva er Back2School?
Back2School (B2S) er eit strukturert tiltak for barn og unge i alderen 9–15 år som har bekymringsfullt skulefråvær. Målet er å hjelpe eleven tilbake til ein stabil skulekvardag, samtidig som trivsel, tryggleik og meistring på skulen blir styrka.
B2S bygger på eit tett samarbeid mellom eleven, føresette, skulen og eit eige B2S-team i kommunen. Saman kartlegg dei årsakene til skulefråværet og lagar ei felles forståing av kva som gjer det vanskeleg å møte på skulen. Deretter blir det sett konkrete mål og tiltak som skal bidra til auka skuleoppmøte og ein betre skulekvardag.
Tiltaket varer i 13 veker og består av jamlege møte med elev, føresette og B2S-teamet, i tillegg til samarbeid med skulen for å sikre nødvendige tilpassingar og eit trygt læringsmiljø. Arbeidet er basert på metodar frå kognitiv åtferdsterapi (KAT) og har fokus på både utfordringane til eleven, støtta frå foreldra og rolla til skulen.
Eit viktig mål i B2S er å styrke samarbeidet mellom heim og skule, slik at eleven får den støtta som trengst for å lukkast med å vere til stades og ha det bra på skulen.
Kven kan delta?
- Barn og ungdom i alderen 9–15 år som sjølve ønsker å delta i tiltaket.
- Barn og ungdom med 20 % skulefråvær eller meir dei siste 12 vekene.
- Minst ein forelder ønskjer å delta.
- Minst ein forelder snakkar norsk.
- Foreldre samtykker til å bli vurderte for deltaking og gir samtidig samtykke til at skulen kan kontaktast for å avklare deltaking.
Kven passar B2S ikkje for?
- Barn og ungdom med påvist diagnose innan autismespekterforstyrringar.
- Barn og ungdom med pågåande alvorleg eteforstyrring, pågåande psykosesjukdom eller akutt sjølvmordsfare, då dei har behov for meir intensiv oppfølging innan spesialisthelsetenesta.
Korleis delta i Back2School-tiltaket?
Rekruttering til deltaking i B2S -tiltaket kan skje på fleire måtar:
- Foreldre kan sjølve kontakte det kommunale B2S-teamet og be om å bli inkluderte. Dei som er interesserte må gå igjennom ei kartlegging og fylle ut spørjeskjema.
- Skule eller kommunale tenester kan informere foreldre om moglegheita for deltaking, og avklare kven som tek kontakt med B2S-teamet.
- Barn som er tilviste til kommunale hjelpetenester på grunn av vanskar knytte til skulefråvær, kan få tilbod om tiltaket.
Back2School-teamet i Surnadal kommune
B2S-teamet i Surnadal er eit tverrfagleg samansett team og består av:
- Anita Stavik – rådgivar, PPT Indre Nordmøre, tlf. 95281588
- Kristin Børset – ungdomskontakt, Psykisk helse og rus, tlf. 91159310
- Heidi E. Fiske – helsesjukepleiar, tlf. 48183652
- Ingunn Foss Brekke – helsesjukepleiar, tlf. 46878259
Meir informasjon om Back2School
Om tiltaket Back2School | UiT
Prosjektet har som mål å styrke samarbeidet mellom fagpersonar innan skule og psykisk helse, ungdom og foreldre for å hjelpe ungdom med skulefråvær tilbake til skulen og bidra til at dei blir verande der. Dette er eit viktig mål for å redusere fråfall i skulen og førebygge framtidig utanforskap og marginalisering.
Meir informasjon om studien: Back-studien med tiltaket Back2School | UiT