Surnadal kommune og Ukraina-krisa ill: Surnadal kommune Busetting av flyktningar frå Ukraina - korleis du kan hjelpe: Mottak av flyktningar frå Ukraina Krigen i Ukraina har ført til den største flyktningestraumen i Europa sidan andre verdskrig. Surnadal kommune er anmoda om å busette 100 ukrainske flyktningar i 2022 og 90 i 2023. Vil du hjelpe som frivillig? Vi vil gjerne få oversikt over frivillige hjelparar som kan bistå flyktningane med stort og smått i ein ny og uvant kvardag. Vi ber difor frivillige lag og organisasjonar eller enkeltpersonar om å fylle ut eit kortfatta skjema via lenken under. Personopplysningar blir kun lagra og brukt til dette formålet. Det er også muleg å melde seg som frivillig ved å ringe kommunens sentralbord: 71 65 58 00 (kvardagar kl. 9 - 15) Eksempel på oppgåver det kan vere aktuelt å hjelpe til med: fadder/støtteperson praktisk hjelp språkhjelp hjelp til å bli kjent i lokalsamfunnet Meld deg til å hjelpe Vil du vere ekstrahjelp ved behov? Personaleininga i Surnadal kommune gjennomfører ei enkel kartlegging av personar som kan engasjerast som ekstrahjelp ved behov. Mottak av 100 flyktningar gjer at vi vil trenge ekstra ressursar i ulike fagområde, men spesielt innan oppvekst, helse og omsorg. Registrer deg via lenken under, slik at vi kan kontakte deg dersom behovet oppstår. Meld deg som personell Har du utleigebustad? Framover kan det bli eit stort behov for bustader og kommunen ønskjer difor å kartlegge utleigebustader i privat eige. Vi ber alle som har husrom å tilby om å registrere seg og bustaden sin under. Vi kontaktar alle for vidare dialog så fort vi kan. Registrer deg og bustaden din Informasjon frå nasjonale myndigheiter Det er viktig for flyktningane sine rettar at dei tek kontakt med politiet for å bli registrert etter ankomst til Norge. Sjå informasjon frå politiet. For informasjon om busetting av flyktningar frå Ukraina, sjå IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) og UDI (Utlendingsdirektoratet. Meir om kommunen sitt arbeid med flyktningar og integrering For ofte stilte spørsmål og svar om angrepet på Ukraina og korleis Norge handterar dette, sjå regjeringen.no For råd om korleis snakke med barn og unge om krig og frykt, sjå Udir sine nettsider Sist endret 15.05.2023 08:33