Grunnskuleutdanning for vaksneOpplæring for vaksne som har behov for grunnskule. Publisert avPål Ranes Publisert26.05.2017 13.18 Kven kan få tilbodet? Surnadal vaksenopplæring tilbyr ei 3-årig eksamensretta opplæring for personar som har rett til gratis grunnskuleopplæring. Det er oppstart på tilbodet kvar haust. Dette gjeld for følgjande personar: dei som er over opplæringspliktig alder dei som har behov for grunnskuleopplæring dei som har lovleg opphald i landet Retten til grunnskule for vaksne gjeld og for dei som har fullført grunnskule, men som likevel treng meir grunnskuleopplæring. For å gi eit best mogleg tilpassa opplæringstilbod, vil den enkelte søker bli kalla inn til ei kartleggingssamtale. Kva tilbyr vi? Det er undervisning i dei fem faga som er nødvendige for å få grunnskulevitnemål for vaksne. Skriftlege fag: norsk, matematikk og engelsk Munnlege fag: naturfag og samfunnsfag Opplæringa avsluttast med ein skriftleg og ein munnleg eksamen. Søknad om grunnskuleopplæring for vaksne: Ta kontakt med rådgjevar for å få eit søknadsskjema.