Førebuande opplæring for vaksne (FOV)

Viss du ikkje har fullført heile eller delar av grunnskulen tidlegare, kan du ta denne opplæringa som vaksen.

Kven kan få tilbodet?

Surnadal vaksenopplæring tilbyr modulbasert opplæring for personar som har rett til gratis grunnskuleopplæring. Det er oppstart på tilbodet kvar haust. Dette gjeld for følgande personar:

  • dei som er over opplæringspliktig alder (16+)
  • ikkje har fullført grunnskule eller tilsvarande i Norge eller andre land
  • dei som har lovleg opphald i landet

For å gi eit best mogleg tilpassa opplæringstilbod, vil den enkelte søkar bli kalla inn til ei kartleggingssamtale.

Kva tilbyr vi?

Vi gir undervisning i dei fem faga som er nødvendige for å få grunnskulevitnemål for vaksne.

  • Norsk eller norsk for språklege minoritetar
  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Matematikk
  • Naturfag

Opplæringa blir avslutta med ein skriftleg og ein munnleg eksamen.

Slik søker du

 Ta kontakt med inspektør for å få søknadsskjema på papir.