Kva tilbyr vi?
Vi har i hovudsak norskkurs på dagtid for personar med rett og plikt til opplæring. I periodar der vi ikkje har moglegheit til å arrangere kveldskurs, kan personar som ikkje har rett, men plikt, også delta på dagtid.
Gjennom kartleggingssamtalar finn vi ut kva slags opplæringsløp som passar for deg.
Det er inntak heile året. Stort sett kan ein starte så snart kartlegging av nivå er klart. Kommunen skal gi tilbod om opplæring i norsk og samfunnsfag så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter folkeregistrering i kommunen eller at krav om deltaking er fremma.
Slik søker du
Ta kontakt med inspektør for avtale.
Søknad om fritak
Du kan søke fritak frå plikt til opplæring dersom du kan dokumentere norskkunnskapar.
Søknadsskjema: Ta kontakt med inspektør.