Rett og plikt til opplæring

Integreringsloven gir reglar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar.

Rett og plikt til gratis opplæring

Innvandrarar mellom 18 og 67 år har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap:

  • Personar med opphald ut frå asylstatus, humanitært grunnlag og kollektivt vern
  • Familiegjenforeining med ovannemnde
  • Familiegjenforeining med norske eller nordiske borgarar

Plikt til opplæring, men ikkje gratis rett

Desse gruppene får ikkje rett til gratis opplæring, men har plikt til å gjennomføre 225 timar i norsk og 75 timar i samfunnskunnskap for å få busettingstillating (permanent opphaldsløyve) eller norsk statsborgarskap:

  • Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS/EFTA-området
  • Personar som kjem til landet på grunn av familiegjenforeining med desse

Plikta gjeld fram til du har oppnådd ditt norskmål, eller til du har brukt opp dine 225 timar.

Kan få opplæring mot betaling

Studentar, andre med midlertidig opphald, nordiske borgarar og personar med opphald etter EFTA/EØS-regelverket fell utanfor ordninga med rett og plikt til opplæring. Desse kan få tilbod om kurs i norsk mot å betale kursavgift.