Om vaksenopplæringa

Målsetting

Surnadal vaksenopplæring er ein kommunal skule for innvandrarar over 16 år. Vaksenopplæringa følger den kommunale skuleruta. 

Det overordna målet ved vaksenopplæringa er å styrke innvandrarane sine moglegheiter for deltaking i yrkes- og samfunnsliv, og deira økonomiske sjøvstende.

Vaksenopplæring skal tilrettelegge for utdanning og arbeid for menneske med ulik etnisk og utdanningsmessig bakgrunn. Skulen skal bidra til å fremme inkludering og mangfald.