Kven gjeld dette for?
Alle verksemder som kan forventast å ha påslipp av fetthaldig avløpsvatn til kommunalt avløp må ha påslippsløyve. Det inkluderer mellom anna restauranter, gatekjøkken og næringsmiddelindustri. Løyvet gjeld den bedrifta som brukar lokalet og det omfanget det er søkt om. Om utsleppet aukar vesentleg eller ei ny verksemd flyttar inn i lokalet, må ein ha eit nytt løyve.
Krav til avløpssystem
Før avløpsvatnet forlèt verksemda, må vatnet passere ein fettutskiljar – ein behaldar der fett, som er lettare enn vatn, stig til overflata. Mengda fett som går ut frå fettutskilljaren skal ikkje vere meir enn 50 mg/l. Vatnet skal ikkje ha ein temperatur som er høgare enn 30 °C. Det kan bli stilt strengare krav der det er behov for det.
For å ta representative prøver må vatnet falle fritt eller vere under kraftig omrøring slik at fett og vatn blir blanda. Fettutskilljaren må difor ha høve til dette ved utløpet.
Det må inngåast serviceavtale for å sikre at utskilljaren fungerer. Serviceavtalen skal inkludere at det blir teke ei årleg vassprøve og at utskilljaren blir rein gjort. Fettutskilljaren skal reingjerast to gonger i året, eller når 25 % av utskilljarvolumet er fylt med fett. Tømming og kontroll kan gjennomførast av ulike selskap.
Vedlikehald og rapportering
Det skal sendast ein årsrapport for året før til kommunen innan 1. februar. Rapporten skal innehalde:
- Tømmerapport som opplyser om tømt volum inkl. dokumentasjon på at alle renseanleggets volum er tømt.
- Analyserapportar frå tekne vassprøvar.
- Inspeksjonsrapport kor heile renseeininga med eventuelle feil og manglar omtalast.
Ved rapportering skal dette skjema blir brukt (PDF, 560 kB) (PDF, 285 kB), i tillegg skal analyse-, inspeksjons- og tømmerapport leggast ved.
Søknadsskjema
Fyll ut søkandsskjema (PDF, 203 kB)
For å søkja om påslepp av fetthaldig avløpsvatn sender du inn skjemaet over med nødvendige vedlegg. Send skjemaet til postmottak@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
Unntak og dispensasjon
Det er i unntakstilfelle mogleg å få dispensasjon frå krava i den lokale forskrifta. Skriv i søknaden kvifor det ikkje er mogleg eller nødvendig å oppfylle grunnkrava.
Kva kostar det?
| Tilsyn og søknad av avløpsanlegg | Pris |
|---|
| Tilsyn med påslipp av fettholdig avløpsvann | 1 300 |
| Søknad om påslippsløyve | 4 410 |
| Søknad om endring av påslippsløyve | 2 940 |
Nyttige lenker
Forureiningsforskrifta
Lokal forskrift om påslipp av fett- og oljehald avløpsvatn
VA-Miljøblad 121