Tømming av private avløpsanlegg

Alle private avløpsanlegg skal vera innlemma i tømmeordning og betale for dette. Her kan du lese meir om korleis ordninga fungerer.

Kven treng slamavskiljar?

Dersom du har bustad eller hytte i eit område utan tilgang til offentleg avløpsleidning, må du ha eige separat avløpsanlegg. Alle slike avløpsanlegg (også ofte kalla septiktank) må tømmast med jamne mellomrom for at det skal fungere som det skal.

Forskrift om tømming av slamavskillere, tette tanker mv. og bestemmelser om betaling av gebyr set råmene for ordninga, som er lik for ei rekkje kommunar kring oss.

Surnadal kommune har avtale med renovasjonsselskapet vårt HAMOS om administrasjon og organisering av slamtømminga. HAMOS leiger inn NORVA24, som utfører ho i praksis. Spørsmål om slamtømming rettar du direkte til HAMOS.  Dersom du har eit avløpsanlegg som ikkje er med i tømmeordning, skal Surnadal kommune kontaktast. Kommunen melder da anlegget inn i tømmeordninga.

Når skal tanken tømmast?

Avløpsanlegg for bustadar skal tømmast kvart anna år, medan anlegg for hytter og fritidsbustadar skal tømmast kvart fjerde år. Tette tankar skal tømmast kvart år. 

Ved å gå inn på Norva 24 si heimeside kan du sjå når anlegget ditt sist vart tømt og finne tidspunkt for neste tømming. Vel Surnadal kommune og skriv inn gards- og bruksnummer for eigedomen. Her blir det også opplyst om eventuell feil ved tanken.

Varsling av tømming 

Du får varsel frå NORVA24 i god tid før tømming. Dersom du har registrert e-post og/eller mobilnummeret ditt i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret, får du varselet på e-post og sms.Dersom du enno ikkje har registrert deg for å motta meldingar frå stat og kommune på denne måten, kan du gjere det på Norge.no. Dersom du ikkje er registrert her, kjem varselet i vanleg papirpost.

Dine plikter som eigar av privat avløpsanlegg

For det første har alle eigedomer der det er private avløpsanlegg plikt til å vere med i den offentlege ordninga for slamtømming og betale for dette. Øvrige plikter for deg som abonnent kjem fram i §5 den lokale forskrifta på området.

Ekstratømming / nødtømming

Ved behov for tømming utover etablert ordning kan du ta kontakt med HAMOS på grønt nummer 800 41 888.

Når det verkeleg hastar, kan du utanfor ordinær arbeidstid bestille nødtømming på vakttelefon: 908 75 111. Dette er entrepenør Norva24 sin vakttelefon.

Prisar

Du finn prisar på HAMOS si nettside.

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL