Kommunale vassanlegg

Kommunale vassanlegg i Surnadal kommune

Sunadal kommune har 13 vassverk lokalisert i heile kommunen

Bele vassverk

Bjøråa vassverk

Bøfjorden vassverk

Fauskåa vassverk

Fiske vassverk

Holtamoen vassverk

Kvande vassverk

Mo vassverk

Prestelva vassverk

Sollia vassverk

Stenbergsgailin bustadfelt

Sæterbø vassverk

Øvre Sæter vassverk (delvis avvikla)

 

Transportsystem

Surnadal kommune eig og driftar i tillegg transportsystema som er tilknytt vassverka, som i dag består av ca 250 000 løpemeter med vassrør.

Vassverka og transportsystema blir regelmessig kontrollert ved uttak av vassprøvar og blir overvaka på dagleg basis etter kommunen sine internkontroll- rutiner.

Anlegga, med dei tilhøyrande vassforsyningssystema, er underlagt Mattilsynet som tilsynsmynde, regulert ved Drikkevassforskrifta.

Sjå meir informasjon om regelverk.

Surnadal kommune har eit elektronisk varslingssystem som gjer det enkelt å varsla innbyggjarane om uønskte hendingar. Systemet varslar i form av tekstmelding til mobiltelefon eller talemelding til fasttelefon.

Ein føresetnad for at vi skal kunne varsle deg, er at din telefon er registrert på den adressa der du bur. Spesielt må dei som har firmatelefon sjekke kva foradresse han er registrert på.
Her kan du enkelt endre dine opplysningar på websida  www.servicevarsling.no

I første omgang vil varsling skje innan kommunal vassforsyning, til dømes: planlagt vassavstenging, krav om koking, sparing på vatn, varsling om spyling av leidningsnett o.s.v

Kontaktinformasjon

Terje Forberg
Einingsleiar Kommunalteknikk
E-post
Mobil 900 13 594
Michal Kalseth Heimlund
Driftsleiar vatn og avløp
E-post
Mobil 908 83 091

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL