Bli kjent med Surnadal

Enten du bur her, er nyinnflytta, vurderer å flytte hit eller komme på besøk, blir du litt betre kjent med alt vi har å by på etter ein titt i Surnadalsmagasinet på nett.

Velkommen til det gode liv på bygda!

Surnadalsmagasinet er vårt bolystmagasin. Her viser vi fram det allsidige og ambisiøse næringslivet vårt og gir deg ein smak av dei rike moglegheitene for gode og aktive liv i kommunen vår. Her møter du folk på jobb og folk som lever draumen i kvardagen i Surnadal. 

Her bor det ca 6000 personar. Kommunen er kjent for gode oppvekstvilkår og ein flora av kulturarrangement og aktivitetstilbod ein ikkje forventar på mindre plassar. Det skuldast folket som bur her og ein kultur prega av sterk skapartrong, godt samarbeid, innsatsvilje og litt galskap - alt for fellesskapet du kan bli ein del av!

Surnadalsmagasinet 2025 Aktivitetskalender 2025 

Magasinet gis ut av Surnadal næringsforening i samarbeid med markedsavdelinga i Thon og Surnadal kommune. Papirutgåva blir distribuert i kommunar på Nordmøre og nabokommunar i Trøndelag.

Er du turist?

Turistinformasjon/ tourist information office: (+47) 71 65 71 00 - Thon Hotel Surnadal

Visit Surnadal Visit Norway - Trollheimen mountain area

Vite meir om livet i Surnadal?

Last ned tidlegare magasinutgåver om folk og næringsliv i kommunen.

Velkommen til Surnadal!