Høyring: Næringsplan 2021 - 2024

Næringsplan 2021 - 2024 er no lagt ut til høyring Næringsplan for Surnadal kommune 2011-2015, vart vedteken 15.09.11., med ein lettare revisjon for 2016-2020. Det er no utarbeid ein heilt ny næringsplan i 2020 som er gjeldande fra 2021. Det skal vidare lagast årleg handlingsplan som del av økonomiplanen. Det er planar om å utarbeide ein felles overordna næringsplan for Surnadal og Sunndal. Last ned høyringsdokumentet Næringsplan 2021 - 2024 Høyringssvar sender du til post@surnadal.kommune.no Høyringsfrist: 27.11.2020

Skatteoppkrevjarfunksjonen er ikkje lenger ei kommunal teneste

      Frå  1. november 2020  overtok Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjar-oppgåvene som kommunen har i dag.  Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.     Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.  Gå til skatteetaten sine nettsider for informasjon:  skatteetaten.no Kontakt skatteetaten på telefon: 800 80 000  

TV-aksjonen 2020: Innbyggarbøsse mot plastforsøplinga i havet

I år går inntektene frå TV-aksojnen NRK til å bekjempe den enorme plastforsøplinga i havet. 8 millionar tonn plast hamnar i havet kvart einaste år. Plasten forurensar ikkje berre vatn og øydelegg marint liv. Den rammar heile økosystemet vårt. Det er berekna på globalt nivå at kvar person i snitt får i seg 5 gram plast i veka. Dette tilsvarar vekta av eit kredittkort. På grunn av korona blir det ikkje bøssebering dør til dør, men du kan bidra ved å støtte innbyggarbøssa som kommunen har oppretta. Det er TV-aksjonen som eig kontoen til innbyggarbøssa. Klikk på bildet under for å gå til innbyggarbøssa og gi ditt bidrag. Del gjerne bøssa med venner og kjente.

Velkomen til gapahuken i Kvenndalen!

Søndag 27. september er det «Gapahukens dag», og i samband med dette inviterer Eidet vel til familiedag ved Kvennbu, den flotte gapahuken dei har i Kvenndalen.

Nytt frå skatteetaten: Overtek skatteoppkrevjar-oppgåver

Skatteetaten overtek ansvaret for kommunale skatteoppkrevjar-oppgåver frå 1. november.

Krisesenteret for Orkdal og omegn søker miljøarbeider i 100% stilling.

Surnadal kommune er samarbeidskommune i Krisesenteret for Orkdal og omegn og vidareformidlar difor stillingsannonsen under:

Besøksrutiner ved Surnadal kommunehus

Gullande reint badevatn i Surnadal!

Både temperaturforholda og kvaliteten på badevatnet i Surnadal er på topp!

Informasjon om vegstenging - Almbergsvegen

 

Treng du ungdom til eit oppdrag i sommar? Ta gjerne kontakt med oss!