Køa utanfor butikken var lang i god tid før opningstida kl.10:00. Ordføraren klipte snora og etterpå var det blomsteroverrekking.
Helsinga frå Surnadal kommune lyder slik:
Det er alltid gledeleg når nokon vel å satse, investere og skape aktivitet i lokalsamfunnet vårt. Ei ny butikkopning handlar om meir enn varer i hyllene. Det handlar om tru på framtida, arbeidsplassar, service til innbyggjarane og om å gjere sentrum og senteret meir levande og attraktivt.
Christiania Glasmagasin er eit kjent og kjært namn for mange, og med denne etableringa får vi eit breiare handelstilbod som kjem både fastbuande og tilreisande til gode.
Lykke til med satsinga!
Driftssjef Monica Hansen fikk med seg ein vimpel frå ordførar Hugo Pedersen som eit minne frå besøket i Surnadal.
Alti
Ordføraren klipte snora med hjelp frå butikksjef Line Antonsen
Surnadal kommune