Saman for små heltar
Årets TV-aksjon skal hjelpe barn som er ramma av kreft og andre alvorlege sjukdommar. For pengane frå TV-aksjonen ønsker Barnekreftforeningen å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo.
Her skal foreldre og søsken lett kunne bevege seg mellom sjukehuset og familiehuset slik at dei kan leve eit tilnærma normalt kvardagsliv, og sjuke barn kan få ha familien sin rundt seg under behandling. I familiehusa vil det òg vere rom for besøk av besteforeldre, tanter og onklar, venner og andre som er tett på familien.
Les meir hos TV-aksjonen
Aksjonsdag på Frivilligsentralen 20. oktober kl. 12.00 - 15.00
Møt opp på Surnadal frivilligsentral der alle inntekter denne dagen går til innsamlingsaksjonen!
Det vil bli sal av kaffe og kaffebrød, utlodding, trimtur, korsong og lesestund for barna.
- Kl. 12:30 Vil Norunn frå Stikk-Ut! ta med dei som ønskjer det på ein tur rundt om i nærområdet, vipps kr 100, bli med på tur for ei god sak!
- Kl. 14:00 vil Songlaget Tordenskjold opptre.
- Kl. 15:00 Trekking og vel heim
Vinn gåver frå POP UP utstillinga til Aune Sand -nytt vippsnummer
Aune Sand har donert eit bilde av Marianne Aulie, to porselensfat og to porselensbollar av Vebjørn Sand til utlodding til inntekt for TV-aksjonen. Surnadal kommune donerer eit bilde av Vebjørn Sand.
Vil du vere med i trekninga må du bruke det lokale vipps-nummeret: 945245. Bidrag som er vippsa på det første lokale vippsnummeret er registrerte og med i trekninga.
Surnadal kommune har ikkje bøssebering, men gjennomfører aktivitetar og digital innsamlingsaksjon. Det er ulike måtar å støtte TV-aksjonen på og alle bidrag blir uansett registrerte på givarstatistikken for Surnadal kommune.
Lokal vipps: 945245 for TV-aksjonen 2024 - Surnadal, og bli med i trekning av bilder og porselen av Vebjørn Sand og Marianne Aulie til samla verdi kr. 16.000
Vipps: 2133
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431
SMS med kodeord TVA til 2133 (300,-)
Digital innsamlingsbøsse - SUBUS Spleis
Det går også an å opprette eller gi til ein Spleis til inntekt for TV-aksjonen. Surnadal barne- og ungdomsskule (SUBUS) har for eksempel oppretta eigen Spleis du kan gi til. Spleisen fungerer som ei digital innsamlingsbøsse.
Gi via SUBUS sin Spleis
Opprett eller finn ei digital bøsse på spleis.no