Søk om tilskot til prosjekt langs Den Trondhjemske postveg

Møre og Romsdal fylkeskommune vil støtte tiltak og prosjekt som vil blåse liv langs Den Trondhjemske postveg i Surnadal.

Innbyggarar i Surnadal kommune kan få tilskot

No kan innbyggarar, museum, frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private verksemder og privatpersonar i Surnadal kommune søke tilskot til prosjekt eller tiltak som bidreg til å blåse liv i den historiske postvegen. Tilskotsordninga er ein del av det nasjonale postvegprosjektet, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland fylkeskommunar og Statens vegvesen. Ordninga gir støtte til gode prosjekt i kommunar langs postvegen, inkludert Surnadal kommune.

Frå historie til oppleving

-Hovudmålet er å utvikle postvegen som eit nasjonalt kulturmiljø og skape nye aktivitetar. Prosjektet skal bidra til større merksemd og verdiskaping langs Den Trondhjemske postveg, som går mellom Bergen og Trondheim, seier Tore Bugge Pedersen, prosjektleiar for nasjonalt postvegprosjekt.

Vil gi støtte til lokale initiativ

Ein kan søke om støtte til aktivitetar som bidreg til å skape verdi lokalt, med utgangspunkt i postvegen som kulturmiljø. Dette kan vere ulike typar arrangement, småskala næringsutvikling, produksjon av lokalmat og reiseliv.

De kan også søke om støtte til ulike lokale prosjekt og tiltak som:

  • kartlegging og tilstandsregistrering av postvegen.
  • samarbeid med frivillige organisasjonar for skjøtsel og skilting.
  • formidlingsprosjekt som kunst, film, vandreteater og VR-prosjekt.
  • utvikling av turskilt og andre tiltak som fremjar postvegen som turmål.

-Dette er ein unik moglegheit til å bidra til å bevare og utvikle ein viktig del av vår kulturarv. Ved å søke tilskot kan du vere med på å skape nye opplevingar og aktivitetar langs postvegen, og samtidig styrke lokalsamfunnet, seier Bugge Pedersen.

Søknadsfristen er tysdag 10. juni. Du finn meir informasjon og lenke til søknadsskjema på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Her kan du lese meir om Den Trondhjemske Postvei i Surnadal

Her kan du lese rapporten om Den Trondhjemske Postvei i Surnadal

Den Trondhjemske postvegen er eit gamalt namn på vegen som gjekk mellom Bergen og Trondheim, og som tidleg på 1700-talet vart teken i bruk for å frakte post då staten overtok ansvaret for postvesenet. Sidan 2023 har fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland, saman med Statens vegvesen, jobba for å skape meir aktivitet langs den gamle vegen. Prosjektet varer ut 2026)