Det generelle bålforbodet startar 15. april
Mellom 15. april og 15. september er det generelt bålforbod i Norge. Da er det normalt ikkje tillate å tenne bål, eingongsgrillar, bålpanner og annan open eld, i skog og utmark uten tillating frå kommunen.
Unntak
I tidsrommet til det generelle bålforbodet er det likevel tillate å gjere opp eld/tenne bål der det er opplagt at det ikke kan starte ein brann. Forbodet omfattar ikkje innmarka di eller din eigen hage.
Du har lov til å grille eller bruke bålpanne på stader som ligg langt unna skog og utmark, så lenge du meiner det er trygt. Dette kan for eksempel vere:
- dersom det ligg snø på bakken eller det har regna i lang tid
- du grillar på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon
- du grillar på tilrettelagte grill- og bålplassar godkjende av kommunen
Må eg melde frå?
Du må sende innmeldingsskjema/søknad til kommunen i god tid før du tenner vanleg bål, pinse- eller sankthansbål. Det er kun lov til å tenne bål med reint trevirke. Brenning av hageavfall eller anna avfall er uansett ikkje lov. Les meir om reglar i Surnadal kommune.
Meld frå om bålbrenning
Sist endret 15.04.2026 13:48