Oppsummering for sommaren 2024
Badevasskvaliteten i vår kommune har vore fin i heile sommar, men ved siste måling om måndagskvelden den 12. august, hamna Kalkstranda på raudt. Dette skuldast mest sannsynleg det kraftige regnveret som var sist søndag.
Det var tydeleg farge på vatnet og det vart sagt at elva hadde stor vassføring søndag. No når prøveresultata kom på fredag går vi ut frå at kvaliteten har vorte betre og at faren er over, seier Oddrun Persdotter Fiske ved Miljøretta helsevern i kommunen.
Det vil bli tatt ny prøve av badevatnet på Kalkstranda førstkommande måndag.
Status alle målingar
Prøvane er |teke ut av Miljøretta helsevern og analysert av NemkoNorlab i Surnadal.
Vasskvalitet for friluftsbad blir i hovedsak vurdert ut i frå innhaldet av tarmbakteriar (termotolerante koliforme bakterier – (TKB) og intestinale enterokokker – (IE)). Dette er bakteriar som er teikn på avføring fra menneske eller pattedyr. I dei europeiske normene (2006) blir den bakteriologiske vasskvaliteten vurdert og delt i tre tilstandsklassar:
Utmerket | God | Dårleg |
<250 TKB pr. 100 ml. | 250-500 TKB per 100 ml | > 500 TKB per 100 ml |
<100 IE pr. 100 ml. | 100-200 IE per 100 ml | > 200 IE per 100 ml |
Det er ulike grenseverdiar for ferskvatn og sjøvatn. Her er alt vurdert etter grenseverdiane som er for sjøvatn. Den er også strengare enn for ferskvatn.