Følgetenesta for fødande blir vidareført til 30. november

Surnadal kommune har i dag, 22. oktober, fått melding frå Helse Møre og Romsdal HF om at den gjeldande avtalen om følgeteneste for fødande forlengast til og med 30. november 2026.

Dette betyr at jordmor i Surnadal held fram med dei oppsette jordmorvaktene fram til 30. november.

Følgetenesta har skapt stort engasjement lokalt. Forlenginga gir no ei avklaring om jordmorberedskapen i Surnadal fram til utgangen av november.

Kontakt med jordmor eller sjukehus

I periodar der jordmor i Surnadal ikkje har vakt, vil jordmor informere dei gravide om at dei skal kontakte sjukehuset direkte ved behov.

Kommunen vil informere om eventuelle endringar når det føreligg nye avklaringar.