Formannskapsmøtet 18. november utsett til 3. desember

Årsaka til utsettinga er eit ønske om best mogleg talgrunnlag for ei eventuell investering i helsehus.

Dette vil vi ha betre oversikt over når vi har presentert vinnaren av anbodskonkurransen. Og vidare har fått jobba med ein del vesentlege detaljar som må på plass før «netto lånebeløp» er så klart det kan vere, og vi kan legge det til grunn for budsjettet for 2026 og elles ut i økonomiplanperioden fram til 2029.

Det vil da bli slik framdrift:

  •  2. desember 2025 kl 09:00 – Informasjonsmøte, med påfølgjande møte i Plan og byggenemnda for Helsehuset – Kinosalen
  • 3. desember 2025 kl 09:00 – Møte i Formannskapet kl 09:00 (erstattar møtet som var sett den 18. november 2025) – Formannskapets forslag til budsjett og økonomiplan vert vedteke og lagt ut med 14 dagar offentleg høyring
  • 17. desember 2025 kl 17:00 – Møte i Formannskapet – behandle innkomne høyringar – desse er også planlagt lagt/utsendt fortløpande
  • 18. desember 2025 kl 09:00 – Møte i Kommunestyret (budsjettmøtet)

Kommunedirektøren