Tid og stad for vaksinering
Årets influensa- og koronavaksinering i Surnadal kommune vil gå føre seg i perioden 21. - 24. oktober, alle kvardagar kl. 09.00 - 15.00. Oppmøte på Familiens Hus ved kommunehuset på Skei.
Vi ber dei som ønsker vaksinering i haust om å nytte seg av oppsette dagar.
Timebestilling startar 13. oktober
Du må bestille time til vaksinering i år. Dette gjer du ved å sende ein SMS eller ringe til telefon: 913 79 001 i tidsrommet 13. -17. oktober mellom kl. 09.00 - 15.00.
- Ved bruk av SMS oppgir du følgande: Namn, fødselsdato og kva vaksine du ønsker.
Pris for vaksiner
- Influensavaksine: kr 300
- Koronavaksine: kr 100
Betaling kun med kort eller vipps.
Kven får tilbod om vaksinering?
Vi vaksinerer kun personar i risikogruppene. Dette gjeld alle over 65 år og andre i eigne risikogrupper. For meir informasjon om vaksiner og anbefalingar, sjå Voksenvaksinasjonsprogrammet (FHI) Andre kan bli vaksinerte på apoteket.
Føresette til barn som er i risikogruppe og ønsker vaksine, bes ta kontakt med helsestasjonen.
Dersom du treng råd grunna medisinske forhold, snakk med fastlege din.
Praktisk informasjon
For at vaksineringa skal bli gjennomført enklast mogleg, bør du ha på t-skjorte eller overdel med ermar som er lette å brette opp. Er du sjuk skal du ikkje møte opp til vaksinering.
Parkering på dei ordinære parkeringsplassane på Skei.
Pneumokokkvaksinering - nytt i år
Alle personar som er fødd i 1960, dvs. som har fylt eller fyller 65 år i år, vil få tilbod om pneumokokkvaksine til redusert pris. Den vil koste kr. 100 og antatt varigheit på vaksinen er lang, over 15 år. Det vil bli sett opp eigen dag seinare for pneumokokkvaksine.
Vi ber deg som ønsker denne vaksinen gi oss beskjed om dette når du kjem på influensavaksineringa. Andre som ønsker pneumokokkvaksine må ta kontakt med eigen fastlege. Meir om pneumokokkvaksine (FHI)