Informasjon om eigedomsskatt 2024 er sendt ut

I desse dagar sender vi ut skatteseddel til dei som skal betale eigedomsskatt i 2024.

I brevet ser du grunnlaget,  utrekninga av skatten, og anna viktig informasjon. Grunnlaget for bustader tilsvarar Skatteetatens berekna bustadverdi. 

For bustader der slik verdi frå Skatteetaten manglar, samt for fritidsbustader, er det brukt kommunal takst. Den påfølgande skatteberekninga er lik for alle eigedomsskattebetalarar.

Satsar eigedomsskatt 2024
Objekt Sats (promille)
Bustad og fritidseigedom 3,4
Øvrige eigedommar 7,0

Du mottar brevet digitalt. Brevet er sendt gjennom løysinga KS SvarUT. Om brevet ikkje er opna innan nokre dagar, vil det komme fysisk i posten. 

Du treng ikkje gjere noko med brevet, men les det gjerne nøye. Øvrig informasjon om eigedomsskatt finn du på kommunens heimeside. Her finn du også informasjon om kva du sjølv kan gjere dersom du meiner bustadverdien er sett for høgt og korleis du kan klage. 

Eigedomsskatten fakturerast kvartalsvis saman med kommunale avgifter. Beløpet på skatteseddelen din blir altså delt på fire. 

Eigedomsskattelister i Surnadal kommune blir lagt ut til offentleg ettersyn 1. mars.