Informasjon om legevikar med begrensa autorisasjon

Informasjon til innbyggarar og presse

Surnadal kommune er kjent med at ein tidlegare legevikar er gitt begrensing i si utøving som lege. Autorisasjonen vart kontrollert på vanleg måte ved tilsetting. 

Legen hadde teneste i Surnadal i andre halvår 2023 og første halvår 2024.

Som ledd i kommunens kvalitetssikring er legens praksis gjennomgått og det er ikkje avdekt feil som krev umiddelbar oppfølging. Enkelte funn som ikkje er i tråd med god praksis vil bli følgd opp særskilt. 

Surnadal kommune beklagar dei eventuelle følgjer dette kan ha ovanfor dei pasientane dette gjeld, og har kontakta fylkeslegen for å avslutte saka på ein god måte for denne legens pasientar.

Informasjonen er signert

Kommuneoverlege Bjørn Buan og Ann-Elin Stenberg, einingsleiar Helse og familie