Kavlvegen kultursti framheva som Forbildeanlegg

-Kavlvegen kultursti viser hvordan bærekraftig bygging og sosial inkludering kan gå hånd i hånd, i en løype der både rullestol og tradisjonshåndverk finner sin naturlige plass.

Slik innleier godeidrettsanlegg.no artikkelen om Kavlvegen kultursti, datert 13. august. Her kan du lese heile artikkelen.

Kven er godeidrettsanlegg.no?

godeidrettsanlegg.no er ei nettløysing etablert i samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD), Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) og NTNU Senter for idrettsanlegg og teknologi (SIAT), som også driftar godeidrettsanlegg.no.

Formålet med nettløysinga er å sikre og utvikle gode anlegg for idrett og fysisk aktivitet, som ein viktig del av nødvendig infrastruktur for framtidig god helse og idrettsglede. Nettløysinga inneheld informasjon om ulike typar idretts- og nærmiljøanlegg, materialval, eksempel på planløysing og framgangsmåte for utvikling av nye og gamle anlegg.

Kva er eit forbildeanlegg?

Eit forbildeanlegg er eit anlegg som andre kan lære av og fungerer både som inspirasjon og informasjon med prosess- og anleggsbeskrivelsar. 

Surnadal kommune vart kontakta av godeidrettsanlegg.no for fleire år sidan med ønske om å dele erfaringar frå arbeidet med Kavlvegen kultursti. 

Dette resulterte først i ein nyheitsartikkel i 2022 om å ta i bruk eldgammel byggeteknikk i ny tursti som du kan lese her

I 2024 vart Kavlvegen kultursti presentert som eksempel på inspirasjonsanlegg som har lukkast i å balansere ulike berekraftaspekt. Dette kan du lese om i rapporten Bærekraftige friluftslivsanlegg - dilemmaer, prinsipper og eksempler, av forskningsassistent Randi Karine Leendertse/ NTNU-SIAT.

No i 2025 er Kavlvegen kultursti framheva som forbildeanlegg som andre kan lære av. 

Ein føresetnad for at prosjektet fekk tilført betydeleg ekstern finansieringstøtte i si tid var at prosjektet skulle teste ut overføringsverdi frå byggemetode, materialval og funksjonalitet i eit berekraftsperspektiv. 

Det spesielle friluftslivsanlegget vil i åra framover gi oss nye erfaringar knytt til for eksempel behov for vedlikehald og tilrettelegging, og som vi også vil dele med omverda. 

Surnadal kommune takkar for godt samarbeid med godeidrettsanlegg.no og for gjensidig nyttig erfaringsutveksling.