Kulturhuset og biblioteket stenger ein periode grunna ombygging

Informasjon om kva som er ope og ikkje i perioden.

Oppdatert: Kulturhus-foajè og bibliotek er stengt t.o.m. 3. mai grunna ombygging/flytting.

Kulturhuset og biblioteket blir stengt grunna ombygging og flytting desse datoane:

  • Tysdag 14. april
  • Torsdag 16. april
  • Måndag 20. april
  • Tysdag 21. april
  • Onsdag 22. april

Huset blir ope for arrangement, kino og kulturskoleundervisning,
Hotellresepsjonen er open fram til 20. april. Frå 20. april flyttar den over i hotellet.
Kulturskoleundervisninga går som vanleg