Ein teknisk feil på Svorka sitt fjernvarmeanlegg oppstod ved midnatt natt til laurdag. Feilen medførte nedkjøling av innetemperatur og varmtvatn bygg som mottar fjernvarme.
Situasjonen normaliserte seg kl. 13.00 og temperaturen på både sjukeheim og omsorgsbustader er no kl. 14:45 snart på normalen igjen.
Delar av kriseleiinga har vore samla og teknisk drift har vore i tett dialog med relevante kommunale tenester og Svorka.
Hendinga vil bli evaluert i dialog med Svorka.