Nasjonal portal for digital sikkerheit

Sikkert.no vart nyleg lansert av norske myndigheiter for å gjere det enklare å forbetre digital sikkerheit i praksis.

Digital sikkerheit, frå kvardag til nasjonal beredskap, er eit felles ansvar og angår både innbyggarar, bedrifter og offentleg forvaltning i Norge. 

Portalen sikkert.no blir drifta av norske myndigheier og er eit samarbeid mellom Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM), Politiet, Datatilsynet og Digitaliseringsdirektoratet. 

Har du vore ramma av ei uønska digital hending, kan du finne råd og hjelp via sikkert.no. For eksempel om du har vore utsett for 

  • seksuell utpressing på internett
  • ID-tjuveri
  • Cyberkriminalitet
  • Kontokapring
  • Digitale avtrykk

Del gjerne informasjon om sikkert.no på jobb, heime og mellom venner og kjente.