Eigedommen Vaulen på Nordmarka ligg i eit statleg sikra friluftslivsområde på over 7000 dekar.
Med 20 sengeplassar og tilgang til båt og kanoar, har Vaulen i alle år vore eit populært friluftslivsområde for skulane. I tillegg har Vaulen opp gjennom åra vore sporadisk utleigd til privatpersonar og bedrifter.
-Surnadal kommune ønskar ei berekraftig forvaltning av Vaulen og ei drift i tråd med intensjonane for området. Tida var inne for å få på plass ein ny driftsavtale, og vi er veldig fornøgde med at Surnadal jeger - og fiskeforening no overtar den daglege drifta av Vaulen, seier ordførar Hugo Pedersen.
Turid Sættem Eggen signerte driftsavtalen på vegne av SJFF. - Vi kan love at Vaulen blir minst like tilgjengeleg for friluftslivsinteresserte som før. Vi kjenner Vaulen godt som mangeårig forvaltar av småviltjakta på området. Vaulen har eit stort potensiale for rekruttering til eit aktivt friluftsliv, og dette ønsker vi sjølvsagt å bidra til, seier Turid.
Avtalen gjeld i første omgang for 4 år.
Den friluftslivsinteresserte zoologen og offiseren James Lawrence “Jim” Chaworth -Musters som eigde Vaulen og tala surnadalsdialekt, kunne neppe vore meir fornøgd.
- Ta bli kjøle bra, kviskrar statuen på Vaulen.