Oppstartsmøte for kommunedelplan for Todalsfjordprosjektet

Torsdag 23. november 2017 møtte Sunndal og Surnadal kommunar saman med dagler leiar av Todalsfjordprosjektet Statens Vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune i Molde.

Møtet var eit viktig steg for å starte opp planarbeidet med kryssing av Todalsfjorden.  Det er Statens Vegvesen som skal lage kommunedelplanane, som skal vise traseval og val av tekniske løysingar.

Kommunane saman med andre lokale aktørar vil bli tekne med på planarbeidet for å finne fram til gode løysingar til ein mest muleg gunstig pris, slik at det let seg gjere å få finansiert prosjektet.  Dette arbeidet skal vere sluttført i 2020, og planane skal da godkjennast av kommunestyra i Surnadal og Sunndal og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frå oppstartsmøtet 1 - Klikk for stort bildeFrå oppstartsmøtet 1