Kvifor Pårørandeskule?
Mange undersøkingar viser at pårørande til personar med demens har eit stort behov for kunnskap, hjelp og støtte i forhold til å vere pårørande.
Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein venn med demenssjukdom, eller som er spesielt interessert. Tilbodet gis på kursstader i Surnadal og Rindal og går over fire kveldar.
Alle kurskveldar har kaffepause og det blir sett av god tid til spørsmål og uformelle samtalar.
Praktiske opplysningar
- Kursstad Surnadal: Surnadal frivilligsentral
- Kursstad Rindal: Rindal eldresenter
- Startdato: 24. september 2024
- Tid: Kl. 19.00 - 21.30
Påmelding
Du melder deg på ved å ringe til heimesjukepleien i kontortid mellom kl. 08.30 - 15.00. Påmeldingsfristen er 16. september.
- Telefon Surnadal: 90 20 63 98
- Telefon Rindal: 95 05 90 62 evt. 91 65 18 77
Målsettiing
- Å gi pårørande til personar med demens meir kunnskap om demenssjukdommen
- Å gi grunnlag for at pårørande betre kan takle situasjonen sin i forhold til familie og venner
- Å betre kvaliteten på samveret med den sjuke, både i heimesituasjon og på institusjon
- At pårørande blir i stand til å sette krav til behandlingsapparatet, politikarane osv.
Kursprogram
Tysdag 24. september - Surnadal Frivilligsentral:
Kva er demens?
Ved Agnethe Halgunset - fastlege Rindal kommune
Tysdag 1. oktober - Rindal eldresenter:
Kommunikasjon og samhandling.
Ved Roger Santokhie - Nasjonalforeningen for folkehelsen
Tysdag 8. oktober - Rindal eldresenter:
Kvardagen med demens, tekniske hjelpemiddel og hjelpeapparatet - bruk av velferdsteknologi.
Ved Aud Helgetun - spesialsjukepleiar i demenssjukdom i Rindal
Tysdag 15. oktober - Surnadal Frivilligsentral:
Sorg, tap og psykisk helse.
Ved Siv Ekrem - spesialsjukepleiar psykisk helse og rusarbeid - Orkland
Vel møtt!
Surnadal Demensforening og Helselag og Rindal Demensforening
Surnadal kommune og Rindal kommune