Stormskadar på skog: Sett eige liv og helse først

Surnadal kommune vil på det sterkaste fråråde å gå inn i område der det har blåst ned skog. Rotvelt og tre som står i spenn, er farleg. Å rydde stormfelt skog, er noko som bør bli utført av fagfolk.

Skogeigararar

Det er viktig at skogeigarar sjekkar skogen sin for stormskadar. Skogeigarar som har stormskadar og har skogforsikring, må ta kontakt med sitt forsikringsselskap for å melde inn skade.

Skogeigarar kan også melde inn skogskadar til Allskog for å få tilbod om opprydding. Allskog har informasjon om dette og eige skjema for stormfellingar på sine heimesider.

Skogskadar grunna storm er ikkje lenger omfatta av naturskadeordninga til Statsens naturskadefond. 

Anna eigedom

Huseigarar eller andre som har enkelttre som har blåst ned, må vere forsiktig med å starte opprydding på eiga hand. Viss du ikkje er kompetent til slikt arbeid, anbefaler vi på det sterkaste at du kontaktar profesjonelle til å utføre jobben.

Skogbrukssjef Tore Gjul i Surnadal kommune kan gi opplysningar om aktuelle fagfolk du kan ta kontakt med.