Oppdatering kl. 14.30:
Skaden var meir omfattande enn først antatt, melder Svorka. Nytt estimert tidspunkt for oppkopling på strømnettet på strekning Naustbakk - Hamnes er Kl. 20.00 i kveld. Ny oppdatering til berørte abonnentar kl. 18.00
Historikk
Eit mannskap på 6 personar jobbar på spreng for at folk skal få strømmen tilbake i kulda. Det er venta at strømmen er gjenoppretta til kl. 16.00, med forbehald om at det kan ta litt lenger tid. Det er ingen grunn, slik situasjonen ser ut no, til at strømmen ikkje skal vere tilbake i løpet av kvelden i alle fall, seier Svorka.
Svorka kjem med ei ny oppdatering på SMS kl. 14.00.
Husstandar som har privat brønn med strømdriven vasspumpe blir både utan strøm og vatn og dermed også utan WC i slike situasjonar.