Tellesbø Karosseri AS er sertifisert som Miljøfyrtårn

Surnadal kommune gratulerar Tellesbø Karosseri AS med sertifiseringa.

I dag overrekte ordførar Hugo Pedersen Miljøfyrtårn-diplomet til dagleg leiar Bjarne Tellesbø. Bedrifta har hatt fokus på miljø i lang tid. Ein vesentleg del av prosessen med å bli sertifisert har difor vore å dokumentere arbeidet som er gjort og ha skriftlege rutiner. 

Stadig fleire selskap stiller krav om at leverandørar skal vere sertifiserte. Med Miljøfyrtårn-sertifisering blir det mykje enklare å dokumentere bedrifta sitt miljøarbeid, og slik stille sterkare i konkurransen om anbod og kundar. 

Diplom som viser at Tellesbø Karosseri er sertifisert som Miljøfyrtårn. - Klikk for stort bildeDiplom som viser at Tellesbø Karosseri er sertifisert som Miljøfyrtårn. Staffan Sandberg