Utsending av Eigedomsskatteseddel 2025

Problem med å opne digital post frå kommunen?

Surnadal kommune har sendt ut Eigedomsskatteseddel 2025. 

Kommunen brukar tenesta SvarUT til å sende digital post. Enkelte mottakarar har problem med å få opna posten i Digipost-appen på iPhone eller iPad, eller på andre mobiltelefonar og nettbrett. 

Om du har problem med å opne posten i appen, anbefaler vi at du i staden brukar ein vanleg nettlesar: Gå på www.digipost.no dersom du brukar Digipost eller www.e-boks.no hvis du brukar e-Boks. Bruk helst PC om du har tilgang til det. Hugs at du alltid må logge inn via ID-porten, ikkje med brukarnamnet og passordet som du kanskje brukar for å få post frå private avsendarar. 

Innbyggarar som har fått brevet i Altinn og ikkje opnar brevet innan 2 virkedagar, får det automatisk ettersendt i normal brevpost.

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål. 

Du kan også reservere deg mot digital kommunikasjon frå det offentlege. Da må det offentlege sende deg brev i posten på papir.  Reserver deg på Norge.no

Eigedomsskatteseddelen blir sendt til alle heimelshavarar for eigedomen og inneheld opplysningar om eigedomen, verdsetting, skattesats og utlikna eigedomsskatt. 

Eigedomsskatt blir fakturert saman med dei øvrige kommunale avgiftene i 4 terminar med forfall 20 mars, 20 juni, 20 september og 20 desember. Utsendt faktura skal betalast sjølv om taksten blir klaga på.