Sivilforsvaret er underlagt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og har som oppgåve å gi støtte ved større ulykker og naturkatastrofar, beskytte sivilbefolkninga ved krig, og varsle ved akutt fare.
I fredstid bidrar Sivilforsvaret med ekstra mannskap og utstyr når nød- og beredskapsetatane treng støtte.
At beredskapsaktørar møtest og viser innbyggarane kva alle kan bidra med om noko skulle skje, skapar tryggleik.
For at vi som lokalsamfunn skal vere robuste i møte med kriser, er fokuset på kvar enkelt sin eigenberedskap og kunnskap om kva ein sjølv kan bidra med, svært viktig. Mange skuleelevar fekk i dag prøve seg på hjerte- og lungeredning og fekk anledning til å bli kjent med beredskapsaktørane på ein flott solskinsdag i Surnadal.