Informasjon til nye innbyggarar

Kommunen si heimeside er ein god plass å starte for å finne informasjon om våre tenester.

Logg deg inn på Min side for å finne tenester og informasjon som gjeld deg. 

I denne e-posten får du informasjon om:

  • Renovasjon
  • Barnehage og skule/ kulturskule
  • Helse- og omsorgstenester
  • Politikk og valg

Renovasjon

Surnadal kommune har satt bort alle renovasjons- og slamtenester til ReMidt IKS
I ReMidt er det fri levering av alle typar avfall på gjenvinningsstasjonane. Ordninga gjeld avfall frå hushaldningar og fritidsbustader.

Alle spørsmål om renovasjon og slam skal rettast direkte til ReMidt IKS.

Barnehage

Surnadal har 8 kommunale og 1 privat barnehage. 

Surnadal kommune har god barnehagedekning og på våre heimesider kan du lese meir om dei ulike barnehagane, rett til plass og barnehageopptak. 

Skole/ kulturskole

Les om skuletilbodet her.

Helse- og omsorgstenester

Har du behov for kommunale helse- og omsorgstenester finne du informasjon på våre heimesider

Politikk og val

Surnadal kommune har organisert det politiske nivået etter ein såkalla utvalsmodell
Les meir om politikk og val i Surnadal her

Velkomstpakke

Surnadal næringsforening og Surnadal kommune har laga ei velkomstpakke (Surnadal i boks) til deg som flyttar til kommunen. Der vil du finne mykje nyttig informasjon om næringsliv, lag og organisasjonar, samt aktivitetar og tilbod som kommunen har.
I tillegg inneheld pakken mange fine gåver frå lokalt næringsliv.

Dersom du ønskjer ei slik pakke, gi beskjed til kommunen anten via epost eller telefon (sjå kontaktinformasjon under). 

Ta gjerne kontakt med kommunen sitt servicekontor dersom du ikkje finn det du leiter etter på heimesidene.

Tlf: 71 65 58 00
E-post: post@surnadal.kommune.no