Kven har rett på plass?
Barn som fyller eit år innan utgangen av august, har rett til plass i august
Barn som fyller eit år i september, oktober eller november har lovfesta rett til plass den månaden dei fyller eit år
Barn som fyller eit år i desember, har rett til plass førstkommande august. Retten til plass følgjer av Barnehageloven § 16.
Søknadsfrist
Hovudopptaket skjer om våren, med søknadsfrist 15. februar.
Sikker digital post
Sjekk om du har fått opptaksbrev i Digipost, Altinn eller liknande.
Suppleringsopptak
Det blir elles gjort suppleringsopptak gjennom heile året, og det blir tildelt plass dersom det er ledig kapasitet. Eit barn som er oppteke, er sikra plass fram til skulestart.
Hovudopptaksområda i kommunen
- Bøfjorden
- Bæverfjord
- Mo
- Stangvik
- Nedre Surnadal
Barn som bur i Nedre Surnadal skulekrets skal i hovudsak få tilbod om plass i Midtigrenda, Øye og Skei eller Bårdshaugen (privat) barnehagar. Desse barnehagane blir sett på som eitt opptaksområde, og det vil bli tildelt plass i den barnehagen det er ledig plass.
Klage
Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan også klage viss du verken får ditt første eller andre ønske oppfylt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage.
- Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket
- Klagen skal vere skriftleg
- Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket.
Meir informasjon om klageretten finn du i Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage
Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle fått tilbod om den ønskte plassen, skal det tilbydast første ledige plass etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass.
Viss du ikkje får medhald går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.
Her er skjema du kan bruke for å legge inn klage
Vedtekter
Surnadal kommune sine vedtekter for barnehage (PDF, 166 kB)