Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. 

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkar.

Du kan også kontakte ditt lokale NAV-kontor for råd og hjelp.

Kan eg få bustøtte?

Få informasjon om kven som kan få bustøtte, inntektsgrenser og kva krav som gjeld for bustader på Husbanken sine nettsider.

Korleis søke?

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgande månad. Dersom du får innvilga bostøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein måned, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

Søk om bustøtte her

Lov og forskrift om bustøtte