HelsaMi

HelsaMi er ein sikker digital inngang for pasientar og pårørande til helse- og omsorgstenester i Midt-Norge som brukar Helseplattformen. 

HelsaMi -  bruk den digitale døra di

Eitt av måla for Helseplattformen er at pasientar og brukarar skal møte ei mer heilhetleg og sømlaus helseteneste. Journalen skal følge deg i alle møte med helsetenesta. All informasjon blir samla på ein plass. 

HelsaMi er ein innbyggarportal for Helseplattformen som hentar helseinformasjon frå dette journalsystemet og nasjonale register. HelsaMi gir deg sikker inngang til helseinformasjon og samhandling med helsetenester som brukar Helseplattformen. Både du og helsekontaktane dine kan få betre oversikt, dialog og kontroll.

Du kan logge inn på HelsaMi med ID-porten på nett eller laste ned HelsaMi som app på mobilen.

HelsaMi i vår kommune

Svært mange innbyggarar i vår kommune har allereie tatt i bruk HelsaMi. Det vil ta noko tid etter oppstarten med Helseplattformen før kommunehelsetenesta vår tar i bruk breidda av funksjonar og tenester i HelsaMi. 

I løpet av 2025 vil du få tilgang til fleire digitale helsetenester frå kommunen i HelsaMi. 

Under finn du viktig informasjon om  bruk av HelsaMi i form av ofte stilte spørsmål og svar. Klikk på pluss-teikn for å lese.

Spørsmål og svar om HelsaMi

Vil du vite meir? Gå inn på HelsaMi sine nettsider

HelsaMi hjelpetelefon

Dei som treng hjelp med HelsaMi kan kontakte hjelpetelefon alle kvardagar mellom 09.00 og 15.00 på telefon 72 88 37 97.