Produksjonstilskot og avløysartilskot

Jordbruksføretak kan søkje om produksjons- og avløysartilskot om dei driv vanleg jordbruksproduksjon med husdyr- og/eller planteproduksjon på ein eller fleire eigedomar. Føretaket  må òg vera registrert i einingsregisteret (må ha organisasjonsnummer) og må vera knytt opp i mot ein landbrukseigedom. 

Søknadsfristar

Del 1 (berre husdyr): 15. mars (med teljedato 1. mars)

Del 2: 15. oktober (med teljedato 1. oktober). 

Utbetaling

Tilskota vil bli utbetalt samla i februar året etter at du har søkt. 

Elektronisk søknad 

 

Jordbruksavtalen

Dei ulike tilskotsordningane er omtalt i jordbruksavtalen og i søkeveiledningen hos landbrukdirektoratet. Alle reglar som omhandlar kor mykje tilskot kvar enkelt søkar er berettiga, som tilskotssatsar, soner, reglar for fastsetting av driftssenter og definisjon av husdyrslag og vekstgrupper, framgår av jordbruksavtalen. Her er og fastsett  kva tilskot du søkjer ved kvar søknadsomgang, samt registreringspunkt og søknadsfrist.

Gjeldande jordbruksavtale med satsar etc.: Jordbruksavtale 2023-2024.

Meir om jordbruksavtalen finn du på Landbruksdepartementets sider om jordbruksoppgjeret

 

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane:

 

Meir informasjon:

Ordningane blir regulert i Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket

Her er kommentarar til forskrift om produksjonstilskot og avløysartilkskot i landbruket​​​​​

Generell informasjon om produksjonstilskot hos landbruksdirektoratet.