Oppmåling av grenser for min eigedom

Kva får du?

Du får oppmålt, vist og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er muleg.

Oppmålingsforretning kan gå ut på å

  • klarlegge og beskrive grenser og rettar knytt til fast eigedom (matrikkeleining).   
  • merke og måle eksisterande grenser i mark i tråd med partane sine påstandar og framlagt dokumentasjon. Grensepåvising er ei klarlegging av grenser som allereie eksisterar på eigedommen din. Grensene blir ikkje endra.
  • framskaffe alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre landets offisielle register over fast eigedom (matrikkelen.) For ny matrikkeleining gjeld det at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningsloven før eininga kan opprettast i matrikkelen. 
  • merke og måle nye grenser i marka i samsvar med kommunal løyve etter plan- og bygningsloven