Kapittel 5: Kulturminne og kulturmiljø, verdisetting og prioriteringar

Bilde frå Svinviks arboret Usikker  

Kapitelinndeling

  1. Bevaring
  2. Kunnskapsverdi
  3. Opplevingsverdi
  4. Bruksverdi
  5. Kulturminne med formelt vern i Surnadal av nasjonal verdi 
  6. Kulturminne  og kulturmiljø av regional verdi i Surnadal 
  7. Prioriterte kulturminne  og kulturmiljø i Surnadal av lokal verdi

BEVARING - KVIFOR SKAL EIN TA VARE PÅ KULTURMINNE?


Kulturminna er ein del av omgjevnaden vår og bidreg både med kunnskap, opplevingar og bruksverdiar. Som kunnskapskjelde er kulturminna eit viktig grunnlag for vår tolking og forståing av fortida. Dei kan seia noko om menneska sitt forhold til kvarandre og til naturen, tilgang og bruk av ressursar, næringsverksemd, og om mennesket sitt sosiale, religiøse og rituelle liv. Slik kan dei og hjelpe oss å forstå vår eiga tid og bidra til å forma framtida.

Opplevingsverdien er av ulik slag. Kulturminna kan skapa gjenkjenning og tilhøyrsel, gjere oss nyfikne og skape engasjement og nærleik til fortida. Kulturminna kan og vera identitetsskapande og bidra til å gje stadar særpreg og karakter gjennom at dei står for kontinuitet, variasjon, og kontrast i det menneskepåverka miljøet.

Eit kulturminne som forsvinn kan aldri bli erstatta. Difor er det viktig å vere klar over kva for kulturminne som er spesielt verdifulle for samfunnet, slik at desse kan takast vare på for framtida. Det er òg viktig å registrere og dokumentere eit breitt spekter av kulturminne før dei går tapt, slik at ein i alle fall sitt att med ein grunnleggande kunnskap og innsikt om utbreiinga av ulike kulturminne innafor eit gitt geografisk område.

Stortingsmelding nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminne, skisserer eit triangel av forenkla overordna verdiar i kulturminna; kunskapsverdi, bruksverdi og opplevingsverdi. Grunnlaget for å verne kulturminne er at dei har verdi som kjelder til kunnskap, grunnlag for oppleving og ressurs for bruk. Automatisk freda kulturminne og kulturminne freda gjennom vedtak har i utgangspunktet alltid høg verdi.

Vidare har ein eit meir finmaska sett av delverdiar som til dels kan sorterast under dei tre overordna verdiane. Handbok for lokal registrering nyttar desse underkategoriane.

KUNNSKAPSVERDI -KVA KUNNSKAP KAN KULTURMINNET GJE OSS? 

Kulturminne er ein særs viktig kjelde til kunnskap om og forståing av fortida. Dette kan gjelde ulike forhold som kulturminna sitt opphav, bruken og betydinga av dei, menneska sitt liv, tro og samfunnsforhold generelt og interaksjonen mellom menneske og natur.

Bygningshistorie; materialhistorie, stilhistorie, teknologihistorie, handverkhistorie, kunsthistorie, arkitekturhistorie, planhistorie

Næringshistorie; landbrukshistorie, fiskerihistorie, industrihistorie, sosialhistorie, samferdselshistorie, idrettshistorie, krigshistorie, busettingshistorie, utmarkshistorie

Religionshistorie; minoritetshistorie, personalhistorie, forskingshistorie, vitskapshistorie

Miljøhistorie; forvaltingshistorie, vegetasjonshistorie

OPPLEVINGSVERDI - KVA OPPLEVINGAR KAN KULTURMINNET GJE OSS? 

Opplevingsverdiane er knytt til allmennheita, eller ulike grupper, sine opplevingar og kan slik sett seies å ha ein meir personlig forankring enn kunnskapsverdiane. Arkitektonisk og kunstnarisk verdi finnes dermed her, mens arkitekturhistorisk og kunsthistorisk verdi er plassert under kunnskapsverdi.

Elles er ein rekke av disse verdiane knytt til meir allmenne forhold, til korleis kulturminna påverkar oss som kollektiver; Arkitektonisk verdi, kunstnarisk verdi, estetisk verdi, handverksmessig verdi, bruks- og alderspreg, patina. Symbolverdi, tilhøyrsle, identitetsverdi. Undring, refleksjon, forbløffing, gjenkjenning, nysgjerrigheit

BRUKSVERDI - KVA KAN VI BRUKE KULTURMINNET TIL? 

Bruksverdiane er ein verdikategori som har fått auka merksemd. Verdiskaping blir knytt både til det økonomisk så vel som det kulturelle, sosiale og miljømessige. Kulturminna sin verdi kan i varetakast og aukast gjennom ny og/eller endra bruk, men dei kan og reduserast gjennom manglande eller feilaktig bruk.

Nytteverdi, økonomisk verdi, ressursverdi, næringsverdi, utviklingsverdi, formidlingsverdi, museal verdi, pedagogisk verdi, tilgjengelegheit.

Kulturminna er indirekte ein ressurs som kjelder til kunnskap og grunnlag for oppleving. Dei kan i mange tilfelle også bli ein ressurs i meir direkte, økonomisk forstand. Kulturminne kan stå sentralt i reiseliv og turisme, og kulturminne kan brukast som inspirasjon i design av salsvarer.

Det er berre for dei siste par hundreåra at vi kan hevde at skriftlege kjelder gjev eit breitt og samansett bilete av samfunnet. Den høge verneverdien til fornminna skuldast i stor grad at dei er dei einaste kjeldene til tida før vi får skriftlege kjelder. Men òg for nyare tid kan kulturminne gje oss kunnskap om sider og delar av historia som elles er dårleg representert i skrifta. Vidare gjev kulturminne ein annan kunnskap enn tekstane: ei arkeologisk utgraving av ein husmannsplass frå 1800-talet ville gje heilt anna type kunnskap enn det som står skrive om plassen i historiske dokument.

Oppleving er knytt til kunnskap, men det vesentlege her er at formidlinga skjer breiare og gjennom fleire sansar. Difor får til dømes eit fornminne som både har høgt kunnskapspotensial og høg opplevingsverdi, særskilt høg verneverdi.

KULTURMINNE MED FORMELT VERN I SURNADAL AV NASJONAL VERDI

Kulturminne av nasjonal verdi skal vere eit utval som prøver å vise breidda i landet si historie. Dei eldste kulturminna våre (frå før 1650) har nasjonal verdi i kraft av sin alder. Frå denne perioden av historia har vi mellom avgrensa skriftlege kjelder til dokumentasjon av historia. Kulturminna frå denne perioden er derfor særleg viktige som første hands kjelder. Ein del kulturminne har allereie fått nasjonal verdi ved fredingsvedtak eller i landsverneplanar. Alle kulturminne av nasjonal verdi har også regional verdi. Men dei kulturminna i Møre og Romsdal som får status som nasjonal verdi, vil ikkje fullt ut kunne gi eit godt bilete av fylket si kulturhistorie.

Her er det viktig å løfte fram dei kulturminna og kulturmiljøa som i dag ikkje har formelt vern med status nasjonal verdi, men som vi meiner har ein plass i den «divisjonen» ut frå vår vurdering etter vernekriterier og i høve til Riksantikvaren sin fredingsstrategi òg etter 2020 og opplysningar om kva artar det er lite av på fredingslista i dag. Utanom postvegen frå 1780-åra har Møre og Romsdal fylke gjennom regional delplan for kulturminne foreslått 38 ulike kulturminne og kulturmiljø i fylket.

Kultur- minne og miljø av nasjonal verdi i Surnadal
NamnStadKategoriArtStatusAlderSkildring
KavlvegÅsen/EidetKulturmiljøVeganleggAutomatisk fredaVikingetid/mellomalder
Torvik naustmiljøTorvik SurnadalKulturmiljøSjøhus/naustAutomatisk fredaMellomalder
JarnvinningsanleggGråsjøenKulturmiljøJarnvinningsanlegg/utmarkskulturAutomatisk fredaMerovingetid
Kokegrop, fornminneKvandeKulturmiljøKokegroplokalitetAutomatisk fredaJarnalderved Skrivestua
KyrkjestadSkeiKulturmiljøKyrkjestadAutomatisk fredaMellomalderDet sto ei kyrkje her før reformassjonen
RaulånaSurnadalsøraKulturminneBustad/postopneriVedtaksfredaUviss tid
LånnaRanesKulturminneGardstun/storstoveVedtaksfredaUviss tid
NerlånnaKvandeKulturmiljøGardstun, lånbygning og stabburVedtaksfredaUviss tid
SkriverstuaKvandeKulturmiljøGardstun, skriverstueVedtaksfredaUviss tid
SjefsgardenKvandeKulturmiljøGardstun, hovudbygningVedtaksfredaUviss tid
DreierstuaÅsskardKulturmiljøGardstun/gardsbygningVedtaksfredaUviss tid
Røykomstue frå TorvikÅsen, Surnadal bygdemuseumKulturminneRøykomnstueVedtaksfredaUviss tid
Stangvik kyrkje og prestegardStangvikKulturmiljøKyrkjehistorisk minne, KyrkjestadRegulert til bevaringUviss tidprestegard med freda hovudbygning og naust + kyrkje og naustrekkje
Stangvik kyrkjeStangvikKulturminneKyrkjehistoriisk minne, langkyrkje i treListeført kyrkje1896Kyrkjebygg frå perioden etter 1850 med særleg høgverdi. Eit av 38 i Møre og Romsdal
Mo kyrkjeØvre SurnadalKulturminneKyrkjehistorisk minne, Kyrkjestad - Y-kyrkje i treVerna kyrkje1728Kyrkjebygg frå perioden 1650-1850. Eit av 22 i Møre og Romsdal
Øye kulturmiljøØyeKulturmiljøKyrkjehistorisk minne, KyrkjestadRegulert til bevaringUviss tidMed kyrkjegard
Åsskard kyrkjeÅsskardKulturminneKyrkjehistorisk minne, langkyrkje i treAutomatisk freda1876arkitekt Jakob Wilhelm Jordan
RistningssteinÅsen, Surnadal bygdemuseumKulturminneBergkunst, innskrift/ristningAutomatisk fredaUviss tidsekundært plassert, funnen i steinfylling
Skei kyrkjestadSurnadalKulturmiljøKyrkjestadAutomatisk fredaMellomalderstod kyrkje før ref
Gjeldnesstabburet, ÅsenÅsen, Surnadal bygdemuseumKulturminneStabburAutomatisk fredaMellomalderstabburet er flytta til museet på Åsen
Surna Harang, Øvre SurnadKulturminneDam/demningsanleggLandskapsvernplanUviss tidforbygning mot flom og erosjon
SøyaEidetKulturminneKanalanleggLandvernsplanUviss tidkanalisering av elva Søya for å sikre mot flaum og erosjon
SurnadalsøraSurnadalsøraKulturmiljøStrandstadRegulert til bevaringUviss tid
Den Trondhjemske postveiSurnadalKulturminneSamferdselsminneFORESLÅTT VERNA1790

 

KULTURMINNE  OG KULTURMILJØ FORESLÅTT VERNA AV REGIONAL VERDI I SURNADAL

Kulturminne av regional verdi er kulturminne som dokumenterer regionen si historie med viktige utviklingstrekk. Dei kulturminna som er med i opplistinga til planen utgjer eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø som avspeglar regionen si historie. Kulturminna og kulturmiljøa har verdi ut over den kommunen dei ligg i. Her må vi ha med fleire kulturminne og kulturmiljø enn dei som har status som nasjonal verdi. Fokus er på kulturminne frå etter 1650 som ikkje har nasjonal verdi. Kulturminne med høg regional verdi, treng ikkje samtidig ha nasjonal verdi. 

Kulturminne og kulturmiljø foreslått verna av regional verdi
NamnStadKategoriArtStatusAlderSkildring
Øye kulturmiljøØyeKulturmiljøKyrkjehistorisk minneRegionalUviss tid
Kunstnarheimen KleivaSkeiKulturmiljøBoligeiendom, kulturhistorisk minne kunstnarheimRegionalUviss tidSkjeldan kulturminne, Hans Hyldbakk sin heim
Dalahaugen husmannsplassTodalenKulturmiljølandbruksminneRegional1852Ein av dei best bevarte husmannsplassane på Nordmøre
Nordmarka markagardarNordmarkaKulturmiljøMarkagardar/ landbruksminnerRegionalUviss tidMinne om utgardsnæring typisk for området
RekketunStangvikKulturmiljøGårdstun, landbruksminne tunmiljø, rekketunRegionalUviss tidSpesielt tunmiljø med rekkeform og bygningar frå fleire bruk
Svinvika gardsanlegg og arboretSvinvikKulturmiljøLandbruksminneRegionalUviss tidAnlegg med mange bygningar og botanisk hage.
Høyløer/tvillingløerTrollheimeimen/ Nordmarka/ BøverdalenKulturmiljøUtmarkskulturminnerRegionalUviss tidSæreigna for området
RanessetraRanes/SkeiKulturmiljøSeter/landbruksminne/seteranleggRegionalUviss tidSærmerkt seteranlegg med mange steinbygningar
StrandstadKvanneKulturmiljøHandelsplass/ strandstad/trehusmiljøRegionalUviss tidGamal administrasjon og handelstad
TodalsøraTodalenKulturmiljøHandelsplass strandstad trehusmiljøRegionalUviss tidKulturmiljø, eldre strandstad, trehusmiljø
Ranes kyrkjeRanesKulturminneKyrkjestad, kyrkjehistorisk minne langkyrkje i treRegional1868arkitekt Schmelling/ Ola O. Skeistrøen
Todalen kyrkjeTodalenKulturminneKyrkjestad, kyrkjehistorisk minne langkyrkje i treRegional1861arkitekt Jakob Wilhelm Jordan
Øye kyrkjeØyeKulturminneKyrkjestad kyrkjehistorisk minne langkyrkje i treRegional1871arkitekt Jakob Wilhelm Jordan, også kyrkjestad i mellomalderen (automatisk freda)
TodalshyttaTodalenKulturmiljøOvernattings-/serveringssted/reiselivsminne turisthytteRegionalUviss tidbygd av Lort Philip
Historisk vegfarKårvatnKulturmiljøVeianlegg samferdselsminne historisk veg/bruRegionalUviss tidRegional historisk veganlegg med rester av bruanlegg, vegfar og oppmurte kvier i samband mot Oppdal-området

 

PRIORITERTE KULTURMINNE  OG KULTURMILJØ I SURNADAL AV LOKAL VERDI

Denne delen av planen skal det arbeidast vidare med i planperioden, ein ser for seg fokus på desse områda: landbruk, næring, forsamlingshus, krigsminne, nyare tids kulturminne, immaterielle kulturminne.

Vi har eit vedlegg der vi har starta å samle forslag til kulturmiljø det finn de her, vi har og ein ide om innsamling til delen om immaterielle kulturminne, det finn de eksempel på her

Om du ønsker å melde inn eit kulturminne så bruk dette skjemaet: