Skuleskyss

Opplæringslova § 7-1 seier at elevar i 2. - 10. trinn har rett til fri skyss når dei bur meir enn 4 km frå skulen.  For elevar i 1. trinn er grensa 2 km.

Om skuleskyssordninga i Surnadal kommue

Skyssretten gjeld mellom eleven sin heim og eleven sin nærskule.  Nærskulen er den skulen som ligg i den kretsen der eleven er folkeregistrert.

Skulevegane i Surnadal er delte inn i to grupper etter faregrad.

Gruppe 1:

  • Holten/Røv, Ranes, Hyldbakk – Pestutrøa
  • Hakstad Todalsvegen – frå Sollivegen til Åsbøhaugane
  • Åskardvegen (frå Øye skule til Øvre Berset )
  • Brandsnesvegen/Syltørvegen
  • Hamnesvegen – frå Naustbakkan til Syltkrysset

Gruppe 2:

Resten av skulevegane.

I tillegg til dei som har rett på fylkeskommunal skyss etter reglane i Opplæringslova, det vil seie elevar i 1. trinn som bur med meir enn 2 km frå skulen elevar i 2. til 10. trinn som bur meir enn 4 km frå skulen, yter Surnadal kommune fri skyss til desse elevane:

  • Alle elevar i 2. årstrinn med skuleveg på 2 km eller meir
  • Alle elevar i 1. årstrinn som må ferdast langs veg i gruppe 1 utanom gards-, gang- og sykkelveg.
  • Alle elevar i 2. – 7. trinn som må ferdast 1 km eller meir etter veg i gruppe 1 utanom gards, gang og sykkelvegar.
  • Alle elevar i 8. -10. årstrinn som må ferdast 2 km eller meir langs veg i gruppe 1 utanom gards, gang og sykkelvegar.
  • Det blir presisert at det ikkje blir gjeve fri skuleskyss ved bruk av Kulturskuletilbod og SFO før og etter ordninær skuletid.
  • Alle elevar frå Ranesgrenda frå 1. til og med 10. årskull får fri skuleskyss.